Politikar-toppar fekk klar melding om biblioteket

Lokalpolitikarane i Rennesøy tar «til orientering» at Stavanger kommune nå skal sjå grundigare på utviklinga av  Vikevåg, då saka om flytting av biblioteket stod på dagsorden. På tilhøyrarbenken sat toppolitkarar frå Stavanger.

Stavanger-politikarane stilte tungt på møtet i kommunedelsutvalget i Rennesøy i dag. Frå venstre SVs gruppeleiar og styreleiar for Sølvberget, Eirik Faret Sakariassen, varaordførar Dagny Sunnanå Hausken og ordførar Kari Nessa nordtun.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

RENNESØY: 

Både ordførar Kari Nessa Nordtun, varaordførar Dagny Sunnanå Hausken og styreleiaren for kulturhuset Sølvberget, Eirik Faret Sakariassen var til stades under møtet i kommunedelsutvalet tysdag kveld.,

Det var difor ikkje så rart at ordet "prestasjonsangst" glapp ut frå leiaren av kommunedelsutvalet, Terje Øvrebø, under åpninga av møtet.

Ordføraren og varaordføraren hadde tatt turen til Vikevåg og møtet i kommunedelsutvalget, som eit ledd i ein besøksrunde til alle utvala i kommunedelane. Men dermed fekk dei også høyra kor landet ligg når det gjeld flytting av biblioteket frå Meieriet til kulturhuset.

Jostein Eiane (krf) og Sølvi Ona Gjul (ap) ga ros til underskriftsaksjonen mot flytting av biblioteket då saka stod på sakskartet under møtet i kommunedelsutvalet tysdag kveld.

-Dette er eit eksempel til etterfølgelse. Det er nå opp til kommunestyret i Stavanger å ta saka vidare, sa Ona Gjul.

Jostein Eiane sa at underskriftsaksjonen var ei "sterk og tydeleg" markering av kva rennesøybuen vil i saka.

-Me vil at dette skal sjåast i ein breiare samanheng, sa Eiane.

Før saka kom på bordet orienterte prosjektdirektør Kjart C. Møller i Stavanger kommune om status for innbyggartorget.

Planen var å gå i gang med ei mulighetsstudie om Innbyggartorget i mars, opplyste Møller. Men dette blei utsett på grunn av korona-situasjonen.

Møller varsla likevel at det nå vil bli gjort ei breiare utgreiing av situasjonen i Vikevåg og kor dei kommunale tenestane skal lokaliserast i framtida. Då vil også stand og stilling til dei aktuelle bygningane i Vikevåg bli gjennomgått. Dette betyr at flytting av biblioteket etter alle solemerker er utsett eller skrinlagt, i alle fall til den nye utgreiinga er klar. Møller kunne ikkje lova nokon dato for når den vilø vera det, men fosikra at forsinkinga ikkje ville bli veldig stor i forhold til den først planlagde "mulighetsstudien".

Ifølge Møller blei det i fjor vurdert å plassera Innbyggartorget i Meieriet. Men tilstanden på bygget var ikkje god nok, noko som gjorde at det i staden blei lagt til det gamle kommunehuset.

Publisert: