Finnøysambandet: Nye ferjer klar i juni

Ferdigstilling av dei to nye ferjene som skal setjast inn i det nye Finnøysambandet frå årsskifte, er forseinka på grunn av koronapandemien.

Det blir fleire favgangar når dei nye ferjerutene blir gjort gjeldande frå nyttår. (Foto: Rune Nedrebø)
  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

FINNØY:

Det er regionsjef for ferjedrift i Norled, Gaute Gangenes, som opplyser dette til Øyposten i dag.,

-Slik det ser ut per nå, så har me håp om at dei to nye ferjene likevel vil vera klar til å setjast inn i sambandet i juni neste år.-Så fram til den tid, er det altså dagens to ferjer, Sjernarøy og Foldøy, som vil halda fram med å betjena sambandet?

Betre kapasitet

Eit nytt samband som no vil ha endepunkt på Helgøy i nord og Fogn i sør, etter at Nedstrand og Jelsa har falt ut.

-Ja, det er korrekt. Så sjølv om ferjene ikkje blir større i første omgang, er det jo ein betydeleg kapasitetsauke i sambandet likevel. Ettersom det blir ein markant auke i anløpsfreksvensen for dei respektive øyane, påpeikar Gangenes.

Den eine av dei to nye ferjene er også ei ferje som skal driftast 100 prosent på hydrogen.

Ny elferje i 2022

Som Øyposten tidlegare har omtala, så skal også Fisterøyane frå nyttår av få daglege anløp av ei ny og større ferje. Fylkeskommunen har alt vedteke at det skal setjast inn ei fullelektrisk ferje, som nå også er sett i bestilling.

Denne ferja vil vera klar for levering i månadsskifte mai-juni 2022.Fram til då er det ferja "MF Sveio" som skal byggjast om og gjerast klar for å serve dette sambandet. Eit nytt samband som vil ha Nedstrand som start og endestadsjon i sitt ruteoppsett. Også Brime og Østhusvik vil få anløp av denne ferja.

I tillegg vil det også vera mogeleg å nytta denne ferja til å ta med seg bilen frå Judaberg og over til Tau, etter det Øyposten tidlegare har fått opplyst.Også det er ei nyvinning innan den lokale ferjedrifta.

Dei nye rutene for begge desse ferjesambanda vil vera klar i slutten av månaden.

Publisert: