Ny litteraturfestival i Finnøy og Rennesøy

Onsdag om ei veke er det duka for ein ny Kapittelfestival i Stavanger med arrangementer også i biblioteka på Finnøy og Rennesøy. Mellom anna blir det eit skikkeleg lemenår.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Onsdag 16. september startar den årlege Kapittelfestivalen. Også i år blir det program på biblioteka på Rennesøy og Finnøy.,

Bokprat med Kristine Hovda

,Kristine Hovda er musikar og journalist. Ho har skrive for ei rekkje aviser, og laga fleire radiodokumentarar. I fjor debuterte ho som forfattar med memoarboka

Jeg lever ikke lenger selv,

der ho skriv om avtrykket etter ein kristen-karismatisk oppvekst på Jæren. Same høst kom det kritikarroste albumet

Y believe

som og byggjer på erfaringane frå barndommen.

Hovda fortel om si troskrise gjennom føredrag, lesing og musikk.

Onsdag 16. september kl 11.00 på Rennesøy bibliotek og kl. 13.00 på Finnøy bibliotek

Arrangementet er gratis, men på grunn av covid-19-pandemien må publikum hente ut gratisbillettar på førehand via kapittel.no

Kapittel for barna: Lemen – fjellets hjerte

Det vesle lemenet sett store avtrykk i fjellnaturen, særleg når det er lemenår. Men klimaendringane gjer at dei rytmiske lemenåra kjem sjeldnare enn før. Lemenet er ein nøkkelart i fjellet, og om det skulle bli heilt borte, vil alt livet i fjellet være sterkt trua.

,Illustratør og forfattar Inger Lise Belsvik viser oss den viktige boka

Lemen – fjellets hjerte

som ho har laga saman med forskar og forfattar Nina E. Eide. Etterpå blir det trykkeverkstad. Inger Lise har med eit stort lerret med fjellandskap malt på. Med hjelp av stempel skal me fylle fjellet med blomster, insekt, steinar, buskar og ikkje minst, lemen. Me lagar eit skikkeleg lemenår! Anbefalt frå 4 år.

Arrangementet er gratis, men på grunn av covid-19-pandemien må publikum hente ut gratisbillettar på førehand via kapittel.no

Laurdag 19. september kl. 11.00 på Rennesøy bibliotek og kl. 13.30 på Finnøy bibliotek

Heile programmet til årets kapittelfestival finn du på Kapittel.no

Kapittel for inviterte skuleklassar på Finnøy og Rennesøy

Kvart år er det eit stort program under Kapittel, kalla Bokmerke, for barn og ungdom på dagtid der skuleklassar blir inviterte til å møte forfattarar.

,Torsdag 17. september og fredag 18. september får elevar på Finnøy og Rennesøy møte forfattaren Terje Torkildsen. Han har skrive dei populære bøkene, Stavanger stories.

Stavanger stories 3

er siste bok i novellekransen om søskena Duxen, Betty, Broremann og menneska rundt dei. Det er forteljingar om liv og død – og alt innimellom, fortalde med humor og alvor. Forfattar og komikar Terje Torkildsen tar med seg si ferske bok på lanseringsturné under Bokmerke.,

Torsdag 17. september kl. 10. 00 på Rennesøy bibliotek

,Fredag 18. september kl. 10.00 på Finnøy bibliotek

Publisert: