Landskapspleiarar på veg i båt

Arnfinn Olsen frå Ombo var for halvtanna år sidan på Bokn i forbindelse med ein jobb, og fanga augneblinken med kamera då Jan og Gunnar Bokn la frå land med ei båtlast sauer som skulle ut til øyane rundt.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

BOKN:

Øyposten har fått dela bileta med lesarane, som ein illustrasjon på det viktige arbeidet dyra gjer for å halda øyar og holmar i området åpne og fri for busk og kratt. Det er avgjerande for at feriefolk og fastbuande skal kunna ha dei fine naturopplevingane som øyane her byr på i dag.,

Bileta kan sjåast som eit innlegg i debatten om naustet på Bokn, som blir brukt nettopp i denne forbindelse. Eller dei kan sjåast som ei påminning om eit viktig arbeid som sjeldan får dei store overskriftene.

Publisert: