Gir ikkje opp håpet om Øyfast

Håpet om Øyfast lever vidare lokalt, sjølv om det er skuffelse etter toppmøtet om prosjektet mellom Stavanger og Rogaland fylkeskommune.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

FINNØY:

- Me gir ikkje opp sjølv om me har fått eit lite slag i trynet. Det betyr bare at me må stå på og jobba endå hardare opp mot fylkespolitikarane, seier Birger Hetland (sp) til Øyposten.,

Det var Hetland som fekk vedteke forslaget i Stavanger kommunestyret som påla ordføraren å ta opp Øyfast med fylkeskommunen. Øyfast er prosjektet som via tunnellar, bruer og fyllingar skal gi vegsamband til alle øyane i Finnøy som i dag blir trafikkert med ferje.

Hetland seier han først vil studera referatet frå møtet, før han tek stilling til korleis saka nå skal gripast an.

Skuffelse på Ombo

-Eg hadde venta at leiinga i fylket hadde sett seg betre inn i reknestykket bak Øyfast, som er ein gavepakke frå staten. Fylket skal forvalta sine ressursane best mulig, då blir det feil å fortsatt satsa på ferjer, meiner Hetland.

Kjell Nes frå Ombo er skuffa, men ikkje overraska over resulatet av møtet. Også han meiner det nå må jobbast vidare mot fylkespolitikarane og få Øyfast med i areal- og transportplanen.

-Formannskapet i Stavanger har nettopp spelt inn Øyfast til fylket som det nest viktigaste prosjektet. Det er rart at ikkje fylkekommunen tek den ballen når mulighetene er lagt så godt til rette frå staten si side. Men det virkar ikkje som om dei som styrer i fylkeskommunen prioriterer rolla si som regional utviklar, i alle fall ikkje for ryfytlkeøyane.  Men både Stavanger og fylket blir nå styrt av konstellasjonar kor det er med folk som korkje vil ha veier eller bompenger, men heller vil konservera øyane våre som naturreservat, seier Kjell Nes.

Me må ta signala

Jon Olav Runestad frå Fogn har også engasjert seg for Øyfast.

-Eg er ikkje spesielt overraska, me må ta signala frå fylket og jobba inn mot areal- og transportplanen. Men det er klart at store sterke Stavanger må trykkja godt på skal me lukkast, seier Runestad, som ikkje har inntrykk av at engasjementet for Øyfast er spesielt stort hos dei landfaste øyane i Finnøy.

-Eg trur ikkje mange på Talgje og Finnøy ligg vakne om natta og tenkjer på Øyfast, seier Runestad, som meiner det må jobbast for at Stavanger opprettar ei arbeidsgruppe for Øyfast som kan avløysa den lokale.

Publisert: