Ingen kommunal benk i Rennesøy

Rennesøybuen var ikkje ivrige nok i Facebook-kampanjen.

Denne benken blir ikkje å sjå i Rennesøy, i allefall ikkje med det fysrte.. Foto: Stavanger kommune.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Kommunen gjekk for litt sidan ut på Facebook og inviterte innbyggarane til å komma med forslag i kommentarfeltet til kor dei ynskjer det bør settast ut tre nye benker. Tanken var ein benk i Stavanger, ein i Rennesøy og ein i Finnøy.,

Men no opplyser kommunen at det likevel ikkje blir benk i Rennesøy.

- Kvifor ikkje?

- Dei aller fleste innspela gjekk på kaia i Vikevåg, men der er det allereie benker, så det er unødvendig. I tillegg fekk me ein del forslag om plassar på privat grunn, som sjølvsagt ikkje går an. Avgjersla ble teken på bakgrunn av innspela og enkelte andre nødvendige omsyn. Me ynskjer blant anna at benkene skal stå i forskjellige miljø, ikkje alle ved sjøen, eller i parken til dømes. Alle forslaga blir med vidare, og det er godt mogleg det kjem fleire benker etter kvart, også til Rennesøy, fortel Claus Sigurd Petersen, prosjektleiar i avdelinga for Park og vei.

Ein benk er allereie på plass ved badeplassen Skyljarvik på Kyrkjøy i Sjernarøyane. Dei to andre benkene blir i Stavanger-området.

- Forslaga var spesielt mange frå Finnøy, her er det tydeleg at det manglar benker å sitja på, sa til Petersen til Øyposten i sist veke.

Prosjektet med benkene er ein del av den årlege Mobilitetsveka frå 16. til 22. september.

Publisert: