Traff på Finnøy-elgen i Teigen

Aslaug Fjemestad var ute og gjekk tur med hunden i turområdet «Teigen» på Finnøy, då ho møtte sjølvaste skogen konge.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

FINNØY

: -Det var eit mektig syn, seier Fjermestad til Øyposten.,

Ho var ute lufta hunden i ett-tida mandag, då hoi fekk den uvanlege opplevinga.

-Me høyrde han trampa, og trur han var på veg bort frå oss. Men eg gjekk det fortaste eg kunne og snudde meg ikkje. Eg var ganske redd, fortel Fjermestad.

Ho har sett elg før, men det var i Bjerkreim for mange år sidan. Då traff ho og veninna to elgar mdit på vegen. men det er første gang ho har sett elg på Finnøy.

-Han såg veldig stor ut, seier Finnøy-kvinna, som er i tvil om ho vågar seg opp i Teigen igjen med det første.

Publisert: