Lokal SP-topp vil ha fleire hytter på øyane

FINNØY: Kommunestyrerepresentant og lokal Sp-topp, Birger Hetland frå Helgøy i Sjernarøy, støttar politikarkollega og nestleiar i kommunedelutvalet, Ap-politikar Jon Olav Runestad frå Fogn sitt utspel i lokalavisa .Der gir Runestad uttrykk for at det er plass til dobbelt så mange hytter som i dag på øyane i tidlegare Finnøy kommune.

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

-Dette er nødvendig for både å styrka det lokale næringslivet og for å byggja framtidig infrastruktur som veier og tunnelprosjektet Øyfast i framtida, meiner Hetland.,Han presieserer at dette likevel er eit personleg utspel, som på ingen måte er klarert med  lokalpartiet, eller dei to andre partikollegaene som sit i kommunestyret i Stavanger i dag.,-E

i realitetsorientering

-Me må på ein måte tilpassa oss den tida me lever i, og føra ein politikk som er pragmatisk og realitetsorientert , understrekar Hetland.- Då ser me diverre ei utvikling der dei små og mindre gardsbruka som har vore sjølve grunnpilaren for det lokale næringslivet på øyane, sysselset færre og færre. samtidig som det er ei utfordring å skapa nye og bærekraftige arbeidsplasser lokalt. Difor blir ofte pendling alternativet, om ein framleis skal bu på desse øyane.

Samtid har me sett ei utvikling der hyttenne blir meir og meir brukt, og nærmast blir brukt som heilårshytter. Det generere auka trafikk både på ferjer, hurtigbåtar og gjennom Finnfast. I det perspektivet trur eg difor tida nå er inne for å sjå på dette med hyttebygging i eit nytt perspektiv., også for oss i Senterpartiet, meiner Hetland.

-Men er ikkje dette ein falitterklæring for eit distriktparti som Senterpartiet, som i alle høve her i Finnøy,tradisjonelt har vore det mest restriktive til bygging i strandsona og hyttebygging generelt i den tidlegare landbrukskommunen Finnøy?

-Eg ser ikkje slik på det , snarare tvert om. Sjølvsagt skal me ikkje byggja ned strandsona. Men eg meiner likeve at det er god plass til mange nye nye hytter på dei ikkje landfaste øyane. Både på Ombo, Aubø, Nord Talgje-Helgøy, Tjul  og Nord Hidle, er det "ledig areal" om  me regulerer dette på rett måte, meiner Hetland.

,-

Så no er Senterpartiet til og med viljug til å gå lenger enn Stavanger Høyre her,.Der kommunalråde John Peter Hernes heller vil styrka og utvikla det eksisterande lokale næringslivet, framfor å intensivera hytteutbygginga på desse øyane.Sjølv om det gjerne også i det partiet er ulike meiningar om dette?

-Eg ser gjerne at Høgre og Senterpartiet finn kvarandre her. Det er ikkje kven som er einige om kav  som er saka.Det handlar faktisk om framtida og utviklinga av lokalsamfunna våre. Det er i det perspektivet eg i dag ser at dei mange hytteturistane spelar ei svært viktig rolle.

-Og no er me jo i same kommune som byfolket, og du var ein av dei som ga din tilslutning til denne kommunesamanslåinga. Så då er det berre å opna for 1000 nye hytter , i eit område der me alt har over 900 frå før?,

-Igjen. Me har mykje uproduktivve areal, både på Sjernarøy, Fogn og Ombo, som er lite eigna til jordbruksdrift. Gjer me dette på ein kontrollert og skikkeleg måte, så vil det også vera med å gi grunnlag for eit Øyfast, og då i neste omgang ei positiv utvikling for øyane våre, slik eg ser det. Det er det avgjerande for den politikken me bør føra. Ein politikk som vil utvikla lokalsamfunna våre , og som ikkje fører til konservering og tilbakegang,slik eg ser det.,

-Men eg vil gjerne presisera, at dett ikkje gjeld øyane i Rennesøy. Her er  landbrukseigedomane langt større og robuste,og her er det såleis også  langt meir fulldyrka og dyrka jord å ta vare på, i tillegg til eit unikt kulturlandskap, avsluttar Sp-politikar, Trygve Hetland.

Publisert: