Landsskyttarstemne (LS) på heimebane

Etter koronaavlysing av årets arrangement på Elverum, arrangerer Det friviljuge skyttarvesen heime-landskyttarstemne i kvart enkelt skyttarlag.

Kirsten Elin Bergsvik ynskjer seg fleire medlemmar til skyttarlaget ho har leia i snart 30 år.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

I Finnøy blir det koronatilpassa LS sundag 9.august.,

- Ja, i år blir det slik. Eg tykkjer ikkje dette er eit godt alternativ all den tid den sosiale biten som er ein stor del av LS, uteblir. Men det er trass i alt eit alternativ i ein utfordrande situasjon, seier leiar i Finnøy Skyttarlag, Kirsten Elin Bergsvik.

Klubben har meir enn 100 medlemmar, men så langt har berre åtte meldt seg på.

- Å arrangera eit landskyttarstemne på heimebane blir ikkje særleg meir enn ei vanleg trening for vår del. Difor har mange av medlemmane lagt andre sommarplanar i år, og blir såleis ikkje med 9. august.

– «Ideen om eit såkalla «Heime-LS» blei planta då me forsiktig kunne opne opp for trening og konkurransar på skytebanane våre i juni. Dette gjer me for å få i gang kjerneaktiviteten i landets skyttarlag, seier kommunikasjonssjef i Det norske skyttarvesen, Terje Vestvik i ei pressemelding.

Mange skyttarlag planlegg sosiale samankomstar i tillegg til skytinga, slik som på eit vanleg LS.

- Det gjer me og. Når skytinga er ferdig, blir det kos med grilling og kake etterpå, seier Kirsten Elin Bergsvik som har leia skyttarklubben i snart 30 år.

- Dette skal vera eit gratis lågterskeltilbod, der det vil vera uttrekkspremiering. I år blir det ikkje kåra skyttarkonge eller skyttardronning som ved eit vanleg stemne, seier Vestvik.

Den beste skyttaren samanlagt får tilbod om plass i programmet «Skytternes mestermøte» som skal sendast direkte på NRK 13. august.

Publisert: