Høyre: Fastbuande framfor hytter

Høyres John Peter Hernes vil heller satsa på fastbuande framfor storstilt utbygging av hytter på dei ikkje landfaste øyane.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

FINNØY:

- Noko av det me må utreda er miljøeffekten av både hyttebygging og Øyfast. Noko av hensikten med Øyfast er først og fremst å leggja til rette for fleire fastbuande, seier Hernes til Øyposten.,

Det er Aps Jon Olav Runestad som i Øyposten nyleg gjekk ut med forslaget om å byta auka hyttebygging på dei ikkje landfaste øyane mot løfter om Øyfast. Etter hans meining er det plass til mange fleire hytter på desse øyane, kanskje dobbelt så mange som i dag. I dag er det rundt 1000 hytter på dei øyane som er nemnt.

-Det høyres ikkje ut som at du er enig med Runestad?

-Eg er ikkje mot hyttebygging, men kanskje me heller bør leggja til rette for at dei fastbuande kan byggja feriehytter som kan leigast ut og dermed skaffa eit inntektsgrunnlag.  Det er ein stor debatt for tida om det er eit mål at me skal vera det landet i verda med flest hytter. Det er viktig å også sjå nøye på skadevirkningane som fylgjer med hyttebygging, og om det er dette me vil overlata til ungane våre.

-Runestad meiner det er betre at Stavanger-folk ferierer her enn dreg til Sørlandet, vil ikkje det vera bra for miljøet?

-Absolutt, korleis me kan auka bruken av nærområda våre er ein tanke som det er viktig å forfølga. Men også korleis me skal ha flest mulig varme senger i øyane 365 dagar i året og ikkje bare nokre veker om sommaren. Rennesøy gjorde eit vedtak for nokre år sidan om å ikkje tillata fleire hytter, i Stavanger er det heller ikkje blitt fleire hytter mens Finnøy har vore hyttekommunen. Når dei tre kommuneplanane nå skal syast saman til ein er det viktig å balansera dette, meiner John Peter Hernes.

Ordførar Kari Nessa Nordtun synes utspelet frå Runestad er interessant.

-Det er spennande tankar som me må ta med oss inn i arbeidet med kommuneplanen. For det politiske fleirtalet i Stavanger er jordvern og allemannsretten berande element i vår planlegging. Men viss dette er mulig å få til er det spennande tankar, seier Nessa Nordtun.

Publisert: