Snart er det Øyvind Runestad som skal syta for at alle på Fogn får Øyposten i postkassa kvar torsdag.
Snart er det Øyvind Runestad som skal syta for at alle på Fogn får Øyposten i postkassa kvar torsdag.

Øyvind skal distribuera Øyposten på Fogn

Frå og med veke 33, torsdag 13. august, overtek Øyvind Runestad distribusjon av Øyposten til abonnentane våre på Fogn.

Som kjent har avisa blitt distribuert saman med posten i alle år.

FOGN: – Øyvind har vore på arbeidstrening hjå oss ein dag i veka i fleire år, og har såleis lært seg litt om avisproduksjon. Eg trur det beste me kan tilby han er ein heilt ordinær jobb. Øyvind blir no ein del verdikjeda i Øyposten ved å distribuera avisene, i fyrste omgang på Fogn. Posten har ikkje vist særleg vilje til å satsa på distrikta, så eg trur dette blir ei god løysing, seier dagleg leiar Kristian Spanne.

Og Øyvind, han har alliere prøvekøyrt ruta fleire gonger.

– Dei to siste gongene har eg køyrt åleine, og kjenner at eg byrjar få kontroll. I starten brukte eg rundt ein og ein halv time på runden, på grunn av litt «fomling» og leiting, men no er eg nede i éin time, smiler Øyvind.

– Er det ting du kjenner på i forbindelse med jobben?

– Eigentleg ikkje. Eg er godt kjent på øya, og no har eg jo tjuvstarta litt allereie, så det trur eg kjem til å gå godt. Eg har ein jukselapp med alle namna på, det gjer ting litt lettare. Eg gruar meg ikkje, tvert i mot, det blir spennande å få fast jobb.

– Forresten, ikkje alle postkassane er merka med namn, det ville gjort jobben min enklare, avsluttar Øyvind.

Dermed er oppmodinga sendt.