Mange hole eiker i Finnøy

Og betydeleg færre i Rennesøy.

Å ha ei hol eik på eigedommen sin forpliktar. Maren Johansen skal registrera treet slik at fylkesmannen og kommunen veit kor mange som finns.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Maren Johansen registrerer hole eiker, og er snart ferdig med jobben i denne delen av den nye kommunen.,

- Eg har ikkje vore på Fogn, Halsnøy eller Sjernarøyane ennå, men resten av Finnøy og Rennesøy  er unnagjort. Akkurat no held eg på i Stavanger, men skal fortsetta på øyane eg manglar til hausten. Det er eit stort og omfattande arbeid, seier Johansen.

Med fersk bachelorgrad i økologi og naturforvaltning har Maren fått seg ein skikkeleg kul sommarjobb som eikejeger i kommunen sin park- og naturseksjon.

- Kor mange hole eiker har du registrert i Finnnøy og Rennesøy?

- Som sagt eg er ikkje heilt ferdig ennå, men så langt har eg registrert rundt 150 hole eiker på Talgje og Finnøy, medan talet er ikkje meir enn 35 i Rennesøy, seier Johansen.

- Finns det eit mønster i førekomsten av hole eiker?

- Ettersom eg tykker å observera er dei største trea på sørvende sider. Dei trivast tydelegvis godt i mykje lys, og gjerne i utmarksbeite, men og på gardar og i private hagar.

Som mange andre stader i landet er Stavanger kommune i ferd med å registrera dei gamle, hole eikene, og ber om tips frå alle lokalkjende rundt om på fastlandet og øyane. Slike trær huser store mengder sjeldne arter og er beskytta av lova.

- Mange av artene som bur i dei gamle eiketrea er utrydningstua, det er difor at desse trea må passast ekstra godt på, forklarer Johansen.

Og kva kjenneteiknar eigentleg ei hol eik?

,«-

Eiketrær som har en diameter på minst 63 cm eller en omkrets på minst to meter i brysthøyde regnes som hule eiker og er beskyttet etter naturmangfoldloven

», heiter det i eit skriv ifrå Fylkesmannen.,

Hole eiker kan bli 1000 år gamle og er heim for 1500 ulike arter sopp, lav og innsekter. Det blir stadig færre av desse flotte kjempene, som har hatt ein sentral plass i kultur og religion i fleire tusen år. Har du ei hol eik på eigedommen din, er det visse plikter du som grunneigar må vita om.

.

Publisert: