-Plass til 1000 fleire hytter i øyane

Ap-politikar Jon Olav Runestad meiner øyane kan tilby fleire hyttetomter til Stavanger-folk i byte mot Øyfast. Øysamfunna her inne toler fint 1000 nye hytter, meiner han.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

FOGN:

Runestad tykkjer Øyfast nå står i stampe, noko han stiller seg uforståande til.,

-Folketalet i øyane er på veg ned, og samstundes er Stortinget klar til å gi store summar til bruer og tunnelar som kan avløysa ferjene. Dessutan er drift av hurtigbåtar og ferjer etter kvart blitt så dyrt at det er risikabelt å basera framtida på dette, seier Runestad til Øyposten.

Han minner også om at Øyfast er forankra i avtalen som blei gjort då Finnøy gjekk saman med Rennesøy og Stavanger i den nye kommunen.

For å blåsa nytt liv i prosjektet meiner han det kan vera ein god strategi å leggja til rette for meir hyttebygging på "dei ikkje landfasteøyane".

-Det vil gi auka trafikk, og dermed eit betre grunnlag for å byggja Øyfast. Desse øyane bør vera eit skattkammer for Nord-Jæren. I dag stimar Stavanger-folk til hytta på Sørlandet, mens det er mykje kortare veg inn til oss. Viss me får erstatta ferjene med bruer og tunnelar, kan øysamfunna våre tåla langt fleire hytter enn i dag, seier Runestad.

I dag er det rundt 1000 hytter i Finnøy kommunedel, og Ap-politikaren frå Fogn meiner det vil gå fint med 500-1000 hytter til.

Han meiner også at hyttefolket kan vera ein ressurs for småsamfunna.

-I dag er hyttene så fine og så mykje i bruk at me kan kalla hyttefolket for "deltidsinnbyggjarar". Viss me regulerer dette skikkeleg vil det kunna bli ein vinn/vinn-situasjon.

-Det finst vel ei grense for kor mykje hytter eit samfunn toler?

-Ja, men den grensa er langt frå nådd. Det må sjølvsagt ikkje bli slik at hyttefolket skal ta fullstendig styringa på øyane innover her, men det er plass til fleire. Då korona'en stod på som verst og folk blei nekta å reisa på hytta såg me kor sterkt dei var knytta til hyttene sine. Men me såg også kor tomt og stille det blei utan hyttefolk, seier Jon Olav Runestad, som trur at dagens jordbruk kjem til å spela ein stadig mindre viktig rolle som leveveg på øyane.

-Bruka her er små, og pleie av kulturlandskapet vil bli spela ei viktigare rolle for bøndene i framtida. Men då må det også vera folk som brukar dette vakre landskapet vårt, meiner han. og håpar at Stavanger med hans partifeller i spissen vil arbeida aktivt for Øyfast.

-Den gamle arbeidsgruppa i Finnøy som skulle jobba for Øyfast må nå erstattast av ei gruppe oppnemnt av Stavanger kommune. Her bør det sitja politikarar som ser potesialet i øyriket vårt, sluttar Runestad.

Publisert: