Måler opp hus og hytter: Bydd både kaffi og dram

Folk er både hygglege og imøtekomande når Gunhild Eline Torvik og Mari Frafjord Gundersen er rundt på øyane for å måla opp hus og hytter i forbindelse med at Stavanger kommune innfører ny eigedomsskatt neste år. Dei er invitert på både kaffi og «ein liten skarp ein».

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

SJERNARØY:

-Folk er veldig hyggelege, og ivrige etter å fortelja om eiendommen. Ein plass blei me invitert inn for å beundra kor fint det var pussa opp, og me er også blitt invitert både på kaffi og ein skarp ein, seier dei to til Øyposten.,

Torvik og Frafjord Gundersen har sommarjobb med å måla opp alle hus og hytter på øyane i Finnøy kommunedel.

Øyposten treff dei på Norheim på Sjernarøy.

- Det er ein god del som ikkje stemmer med opplysningane som er registrert hos kommunen. Me måle opp og registrerer alt, slik at grunnlaget for eigedomsskatt skal bli mest mulig korrekt, seier dei to.

På Sjernarøy er det 644 hus og hytter som skal målast opp, og dei reknar med å bli ferdig med jobben her om nokre dagar. Ombo er ferdig, men det er litt igjen på Fogn, Halsnøy og Talgje. Tidlegare er det gjort oppmåling i Stavanger, på Rennesøy og sjølve Finnøy.

-Folk lurer vel litt på kva de er ute på?

-Ja, men mange har fått det med seg kva som skal skje når me får presentert oss, seier dei to, som til vanleg er studentar på universitetet i Stavanger og på Ås.

Totalt skal 50.000 eigedommar i Stavanger bli "besiktiga", som det heiter. Viss det blir funne avvik i forhold til kommunen sine kart, blir dei målt opp på ny. 8 studentar har sommarjobb med å sjekka eigedommane.

-Målet er å gi kommunen eit betre faktagrunnalg for den nye skattetaksten. Det vil også vera ein fordel  for andre gebyrer, til dømes vatn og avløp, og viss du seinare skal byggja noko.

-Kva skjer viss de finn bygningar som ikkje er byggemelde?

-Då vil det bli rekna skattetakst også for desse. Men målet vårt er ikkje å "ta" nokon, me skal kun skaffa eit best mulig faktagrunnlag for den nye skattetaksten, seier rådgjevar Helge Kristoffer Thuv i Stavanger kommune.

Ifølge Thuv blir det funne ganske mange avvik.

-Viss det blir funne avvik i forhold til kommunen sine data, blir dei målt opp på ny, seier han.

Det nye skattegrunnlaget skal gjelda for dei 10 neste åra. Thuv understrekar dessutan at alle vil få tilsendt faktaark med resultatet av takseringa, og kan kontrollera om det stemmer.

-Viss folk meiner det er gjort feil er det viktig at dei seier i frå, seier Helge Kristoffer Thuv.

Publisert: