Ordførar: Kor mykje sjau skal me halda om Ombo

Hjelmeland-ordføraren er i tvil om kor stor hensikt det har for Hjelmeland å halda «sjau» om oppgjeret for Ombo.

Hjelmeland-ordførar Bjørn Laugaland (Sp)
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Formannskapet i Hjelmeland skal 25. august ta stilling til tilbodet om oppgjer for Ombo frå Stavanger, som nå ligg på bordet.,

Stavanger kommune overtok Hjelmeland sin del av den store øya, då Finnøy kommune gjekk saman med Stavanger og Rennesøy i Nye Stavanger kommune.

I den forbindelse ville Hjelmeland både ha oppgjer for skulen i Eidsund og for tre oppdrettsanlegg. I tilbudet frå Stavanger blir kravet om oppgjer for oppvekstsenteret i Eidsund avvist, medan Stavanger er villig til å la Hjelmeland behalda inntektene frå Havbruksfondet som dei tre anlegga genererer i fem år.

Ordførar Bjørn Laugaland (sp) i Hjelmeland er ikkje heilt nøgd med tilbudet.

-Me har ikkje bedt om å missa vår del av Ombo. At dei ikkje vil betala for verdiane der synes eg ikkje noko særleg om, seier Laugaland til Øyposten.

Når det gjeld oppdrettsanlegga det er snakk om, peikar han på at Hjelmeland etter hans meining vil mista ein verdi som ligg i fjorden mellom dei to kommunane. Laugaland dreg paralellen til kraftskatten.

-Der er me enige med Suldal om ei rettferdig fordeling av inntektene, Me held vatnet mens dei har produksjonsanlegga. Men det er eit spørsmål kor mykje det har hensikt å halda sjau om. Den debatten får me ta i formannskapet.

-Er du skuffa over Stavanger?

-Det eg er mest skuffa over er skulen i Eidsund. Den har me vore med og finansiert, og her kunne Stavanger betalt oss ut, seier Bjørn Laugaland.

Guppeleiar for Stavanger Arbeiderparti, Dag Mossige opplyser at samtlige parti i Stavanger stilte seg bak forslaget for kommunedirektøren, då Ombo-spørsmålet var oppe til politisk behandling.

-Kommunedirektøren har laga ei god framstillinga av saka, det var den samstemte oppfatninga, seier Mossige.

Publisert: