Facebook funkar

Mange har fått dette eller liknande innlegg poppande opp på facebooksida si dei siste dagane, og svært mange har delt det vidare

Etter at dette innlegget kom på lufta har Nyfødtavdelinga på SUS fått nok tepper til heile sommaren.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Ei oppmoding om å strikka eller hekla tepper, små sokkar eller huer til prematuravdelinga på SUS.,

Etter at avdelinga ved sjukehuset gjekk ut på sosiale medier og informerte om at lageret med ulltepper til dei små, premature pasientane på avdelinga er tomt, spreidde bodskapen seg i rekordfart på facebook. På kort tid var innlegget delt meir enn 1000 gonger.

- Korleis er situasjonen no, byrjar lageret fyllast opp?

- Ja, no er me godt rusta gjennom sommaren og vel så det. Responsen har vore overveldande og me er utruleg takksame for alt det fine me har fått inn, heilt fantastisk, seier assisterande  avdelingssjukepleiar på Nyfødt Intensivavdeling, Tone Dahl, som vil senda ein stor takk til alle strikkarane der ute.

Ulltepper og ullklede gjer at dei små babyane kan bruka kreftene på å veksa og bli friske, i staden for å halda på varmen.

- Ja, ulla varmar på ein heilt annan måte enn bomullsteppa me har på avdelinga. Når borna reiser herifrå får dei teppa med seg heim, det er difor behovet er så stort. Såleis er det viktig at me har tepper tilgjengeleg på avdelinga heile tida. På grunn av korona kan me diverre ikkje ta imot på avdelinga akkurat no, men over sommaren skal det vera ei løysing på det, seier Dahl.

Så har du lyst å gjera ei god gjerning så er det berre å ta pinnane fatt. Det finns ei eigen facebookgruppe som gir informasjon om korleis du kan gå fram.

www.facebook.com/AmandaprosjektetSus

Publisert: