At det går an i vårt land…

  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Arbeidarpartiet representerer slitarane i samfunnet –  dei som arbeidde lange arbeidsdagar for ei luselønn. Men no er dei komne så «høgt opp» at dei stiller jamsides «arvefienden» Høgre.

Saman dannar dei «Osloeliten», som har «makta» i Ap og H, og kan oppføra seg som eit «diktatur» og avvisa to folkerøystingar ved å melda oss inn i EØS. Det gjorde dei trass i at vi, som sjølvstendig nasjon, hadde samarbeid og ein god handelsavtale med EU.

Innmeldinga i EØS var ikkje i strid med Grunnlova dersom dei tok med ein paragraf som gav oss rett til å avvisa direktiv som ikkje høvde for oss. Men då landsmøtet i Ap i 2010 avviste postdirektivet, blei Osloeliten i partiet forvirra: Dette skulle ikkje skje! Og ein ungdom meinte at det var ikkje lovleg(!) fordi Ap-leiarane hadde slått fast at den paragrafen skulla aldri brukast!

Det er eit tydeleg lovbrot å slå fast at ein vedteken paragraf ikkje skal respekterast!

Vi skulle altså vera «så godt som» medlem i EU som det norske folk hadde sagt sitt klåre «nei» til to gonger.  Sidan Oslo og Akershus hadde eit stort Ja-fleirtal, kunne Osloeliten ikkje respektera Nei-fleirtalet i landet samla. Det som Oslo og Akershus meinte, måtte vera avgjerande!

Merk: Det er nettopp i dette området  at det danske maktspråket «har slått rot». Elles i landet dominerer dialektane. Det ser ut til at Osloeliten kjenner det som ein arv frå dansketida at landet utanom Oslo er «Det skjulte Norge» –  «dei som ikkje har noko med det». Oslo skal ta seg av politikken slik som i dansketida – elles er Osloeliten ikkje heime her. Å bøya seg for vestlendingar, nordlendingar, strilar, dølar og «andre bønder der ute», kjennest heilt håplaust. Då vil dei heller kalla seg europearar:

Dei har alt fjerna norske og forståelege» namn som NSB; det har fått namnet VY, og Statoil skal heita Equinor. Dette lågmålet av  statlege «påfunn» kosta millionar – pengar som kunne vore nytta på ein meir fornuftig måte. Men det er lite å gjera med det så lenge Osloeliten styrer dei to største partia.

Det er blitt slik fordi Ap brukar ein «partipisk», dvs. alle Ap-representantar skal stemma likt – slik som «leiarane» vil  – ikkje slik som veljarane i «heimfylket» vil! Det er heilt udemokratisk, og heilt utruleg: Arbeidarane, som frå først av ikkje var verdige til å få røysterett, synest det er flott at dei er komne så høgt at dei no kan støtta det partiet som var imot at dei skulle bli likeverdige med resten av folket.

Å knyta oss nærare til EU, er eit «overgrep» i forakt for Nei-områda – bygder og distrikt, men det har aldri vore eit emne til debatt i radio/TV så langt eg veit. Det er ikkje interessant –  liksom.

Eit naturleg «slagord» før neste val ville vera: « Mer makt til Oslo – stem på de store partiene!»

Men dei vil nok stå fram som motpolar for å samla veljarane omkring seg. Deretter  kan dei «gå saman» og styra landet som dei vil. Oslo kan heva seg over folket – liksom, – fordi det var «feil folk» som danna fleirtalet i EU-røystingane.

Ingolv Vevatne

Etne

Publisert: