Ein tur på byen

I dette lesarbrevet tek Harald Faa oss med på eit nokså spesielt gjensynsmøte med Olsen, ein kompis han avtente verneplikta saman med.

Harald Faa på Finnøy traff svært godt med sine spådommar om ein plaskesommar.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Ja, som sagt, denne historia som eg vil fortelja om, skjedde før koronakrisa kom.,

Eg og min gode nabo Tore, me tek oss av og til ein kjøretur til Stavanger. Denne turen eg vil fortelja om, var ein tur utanom dei vanlege turane. Tore sette meg av i Østervåg, så skulle me treffast litt seinare når handelen var over.

Ja, eg rusla bortover Østervåg. Eg hadde ikkje gått langt før eg høyrde ein skrallande latter. Den kjende eg igjen sjølv om det var lenge sidan.

Det var Olsen som eg var saman med under verneplikta. Han var frå Haugesund kanten, og ein triveleg kar. God til å fortelja historier, om dei ikkje var så sanne, så var det spennande  å høyre på. Forstod han at folk trudde på han, ja då la han meir i historiene. Han hadde også godt drag på damene. Men, som sagt, Olsen var ein triveleg kar. Han sanste meg og atter kom den skrallande latteren. Tenk, sa Olsen, skal eg virkeleg få treffa deg igjen. Ja, det er ei stund sidan sist, sa eg. Heile 62 år meinte Olsen, sidan vi dimmeterte.

Me sette oss på ein benk. Han hadde ein god hukommelse, og meinte at oppmøtet var på tollbodkaien den 10 juli kl. 9. Deretter blei me frakta over til Ulsnes på Hundvåg. Der var me i 16 månader, til laurdag den 9 november 1957. Og Olsen fortsette, du veit me tente to kongar, først Haakon den 7 i 14 månader og så kong Olav i dei siste 2. Me skaut sørgesalutt for kong Haakon 7. og salutterte for den nye kongen. Ja det stemmer sa eg, me var med på den salutten.

Då dagen kom og vi var ferdige med vår plikt for landet, fekk me utbetalt heile 40 kr. I den forbindelse tenkte eg på Olsen, han hadde lånt 5 kroner av meg. Han ville til byen og gå på kino, og deretter ha seg eit par halvlitrar med øl, som då kosta 2,50 kroner per stykk. Men då Olsen kom ut frå lønningskontoret, fekk eg femkroningen med takk for lånet.

Så reiste alle heim der dei kom frå.

Eg spurte Olsen om han hadde sett nokon av gjengen me var saman med, men det hadde han ikkje. Men borti Breigata hadde han treft på frk. Jensen, som nå hadde skifta navn til fru Larsen, og dessutan blitt bestemor. Ho var vel forandra sidan sist, sa eg. Ja sa Olsen, det var over 60 år sidan sist, men Olsen sa han kjente igjen jakken og det grøna skjørtet. Han kunne derfor ikkje ta feil

- Livet ditt Olsen. Kor blei du av?

- Eg reiste til sjøs etter militæret og seilte ute i over 20 år for forskjellige rederier. I enkelte havner låg me lenge på grunn av lasting og lossing, samt at vi nå og då måtte innom tørrdokk.

Han fortalte ein gong dei blei liggjande lenge neri Genova i tørrdokk, då var det ei dama som blei forelska i Olsen og ville gifta seg med han. Det

ville ikkje Olsen, men ho sto på sitt og til slutt måtte han gje etter. Vielse blei det, om det var prest eller dommar som vigde dei, det visste han ikkje.

Navnet måtte han oppgje, han sa han hette Gjest Bårdsen. Då båten var klar for nye hav, forlot han kona og då var ekteskapet gløymt for hans del.

Skulle ho prøve å finne han gjennom rederiet, ville ho nok få høyra at Bårdsen for lengst var død.

Etter dei lange åra på sjøen mønstra han av i Kristiansand og prøvde å få seg jobb i land. Men det var håplaust. Han huska at han hadde gode papirer etter å ha gått på skuleskipet Statsraad Lemku av Bergen. Desse papira viste han havnesjefen i Kristiansand som meinte det var bra papirer. Han spurte Olsen kva han kunne tenkja seg som jobb. Ja, sa Olsen, han kunne godt tenkt seg sjømannsprestjobben i Østerdalen. Havnasjefen godtok dette. Jobben varte ikkje så lenge, Olsen blei tidlig pensjonert og embetet nedlagt.

- Nå er du i Stavanger, seier eg. Han hadde vore på Storhaug på besøk hjå søster si, eit eldre menneske. Dei gjekk gjennom slekta og fant ut at dei ikkje hadde same far og heller ikkje same mor, men dei var sysken, ingen tvil!

Ho budde saman med ein gamal gubbe, ho hadde hatt han så lenge at ho visste ikkje om dei var gifte eller ei. Men som ho sa, han såg lite, høyrde lite og ikkje lukta han godt heller. Ho hadde han for trygda, det gjekk lite mat i han!   Dei budde i ei ring leilighet, med mykje utøy og især små mus. Dei hadde ein stor svart hannkatt, blank i pelsen. Han fekk ei skål med melk, han heldt seg  med mat og mus sjølv.

Olsen fortalte så at han hadde vore på torget og kjøpt fjellreka. Den blir fiska langt inni Sirdalen. I groen er den freda, men ein gong i blant fekk folk lov til å fiska litt. Eg ville og på torget, for den slags reka hadde eg ikkje høyrt om.

Nei, sa Olsen, han hadde kjøpt opp alt, pakka det ned, og fått det på Oslotoget. Der reiste han billig, når han kjøpte billett til den bakerste vogna og kanskje  ståplass, då var det gratis. Du vil vel ikkje innbilla meg at du kan stå på toget til Oslo, sa eg. Nei, sa Olsen, han skulle gå av i Drammen. Der budde han hjå ein gamal sjøulk som ville han skulle betala husleiga kvar månad. Men Olsen meinte det ikkje var nødvendig sidan han var så lite heima.

Eg måtte spørja om den karen han budde hjå. Det var Brandy Martinsen, Spritveien 96, Drammen.

Olsen ville nå flytta til Gol i Hallingdal for å hjelpa ei gamal enkja med hjartefeil og stygg hoste. Ho hadde vast seg borti noko lotto som han skulle hjelpa henne med.

Olsen spør kva klokka er, og takka for den kjekke samtalen. Om eg skulle bli sjuk, ynskte han meg god betring! Eg måtte spørja kvar han skulle.

- Eg skal med Eigersundtoget til Nærbø, sa han. Der skal eg treffa nokre kameratar samt politiet. Vi skal få nye elektriske fotlenker der. Det var sannheta!

Eg gjorde mine ærend, før Tore og eg hadde ein god middag på Patrioten. Deretter kjørte vi heim, med den spesielle opplevelsen, Olsen, friskt i minnet.

Harald Faa

Publisert: