Bondeoffensiv for å visa kven som pleier vårt norske kulturlandskap

I sommar vil svært mange nordmenn dra på ferie i Norge på grunn av reiserestriksjonane i samband med koronapandemien. Då oppfordar Bondelaget norske bønder om bokstaveleg talt å ramma inn kulturlandskapet som dei forvaøtar på eigen gard

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

I ein landsomfattande aksjon oppfordrar nemleg sentralleddet i organisajonen lokallaga til å oppfordre lokale bønder til å å både byggja og fysisk å setja opp biletrammer, som bokstaveleg tala ramar inn det vakre kulturlandskapet som dei bur i.,-Me vil visa fram åker, eng, beitande dyr, gardar, produkter og anna der turistane ferdast, heiter det i oppropet frå Bondelaget. -,

Både medlemmer, lokalbefolkninga og turistar blir vidare oppfordra til å dela desse bileta i sosiale medium.

-Folk ynskjer norsk matproduksjon over heile landet, og det har blitt aktualisert gjennom koronatida. Målet er vidare å styrka bevisstgjeringa  hjå folk om dei verdiane matprodukjonen skapar, og om bonden si rolle i dette. Då også som leverandør av vakre landskap.

,Landbruket gir verdiar for lokalsamfunn langt utover den økonomiske verdiskapinga, heiter det til slutt i oppropet frå bondeorganisasjonen.

Publisert: