Lokalkunnskap, lokalmat og masse leik på Camp Finnøy

Torsdag og fredag var til saman 60 barn i alderen 8-13 år samla på Søre Vignes til Stavanger kommune sitt feriekonsept Barnas Sommer. Vertskap var Ryfylke Livsgnist med konseptet Camp Finnøy

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Og det blei på alle måtar ein "alla tiders" sommardag på og rundt det gamle festningsverket "Tyskerhålene" frå 2. verdskrig. Når gradestokken viste opp mot 30 varme grader og Finnøyfjorden ligg speilblank i solskinnet nedanfor, kunne ikkje ramma rundte det heile heller vore betre.,Gjennom både læring på føremiddagen, og leik og konkurransar etter lunsj, fekk også borna innføring i våre nære og lokale krigshistorie. Det heile i tillegg godt krydra med kunnskap om både lokalsamfunn og regional geografi i  Ryfylke, på ekte Livsgnist vis.,Også vår eigen lokale "Meisterkokk", Ryfylkekokken, baud på seg sjølv der  borna fekk laga sin eigen lunsjrett, basert på lokale og tradisjonelle råvarer som tomat, egg, laks og sjølvplukka blåskjell (kontrollert av Mattilsynet) sjølvplukka i fjæresteinanane. Og til dessert vanka tradisjonsmat som eigen vispa eggedosis med rabarbra til.,Frå Forus hadde 9 år gamle Kanischk også teke turen heilt inn til Finnøy for å ha ein dag på Camp Finnøy.-Eg synest det har vore ein veldig kjekk og lærerik dag, der det har vore fint å bli kjent med andre også på min alder, smiler 4. klassingen som har indiske foreldre og no går på britisk skule i Stavanger.- Eg har heller aldri vore på Finnøy før, så dette var gøy.,Også 13 år gamle Gustav Fassotte har teke turen til Finnøy frå Våland.-Men eg har vore på Finnøy før og besøkt tremenningen min, presiserer Gustav og tek eit godt tak rundt Anders Nessa som bur i Faahagen på Judaberg.-Det har vore veldig gøy, og så er det jo gratis i tillegg, understrekar tenåringen.,Og som det alltid er når ein er på feriecamp så høyrer det også konkurransar til når feriedagen er på hell. Engasjementet var difor stort då dei fem laga vart sendt ut i lagkonkurranse både i minerydding, skiskyting med ball og utan ski, og vedstabling med meir.,Ein minnerik dag, ein vellukka dag og framfor alt ein "Alla tiders" dag på Camp Finnøy var dermed over.

Publisert: