Fr.P politikar Tor Bernhard Harestad tv, Henrik Halleland Kr.F, Mads Danielsen Fr.P, Leif Arne Moi Nilsen Fr.P og stortingspolitikar Roy Steffensen peikar ut kursen for korleis både ei bru til Vassøy og eit Øyfast skal realsierast.
Fr.P politikar Tor Bernhard Harestad tv, Henrik Halleland Kr.F, Mads Danielsen Fr.P, Leif Arne Moi Nilsen Fr.P og stortingspolitikar Roy Steffensen peikar ut kursen for korleis både ei bru til Vassøy og eit Øyfast skal realsierast.Bilde 1 av 2
Loklapolitikarane Tor Bernhard Harestad Fr.P tv, Henrik Halelland Kr.F, Mads Danielsen Fr.P, Leif Arne Moi Nilsen Fr.P og stortingspolitikar Roy Steffensen Fr.P vil alle peika ut ein ny kurs og leggja fullt trykk på å få realisert ei bru til Vassøy og eit Øyfast i Finnøy
Loklapolitikarane Tor Bernhard Harestad Fr.P tv, Henrik Halelland Kr.F, Mads Danielsen Fr.P, Leif Arne Moi Nilsen Fr.P og stortingspolitikar Roy Steffensen Fr.P vil alle peika ut ein ny kurs og leggja fullt trykk på å få realisert ei bru til Vassøy og eit Øyfast i FinnøyBilde 2 av 2

Fr.P og Kr.F legg full tyngde bak Vassfast og Øyfast

Etter at Fr.P og Kr.F på Stortinget i samband med revidert nasjonalbudsjett fekk gjennomslag for å utvida den såkalte ferjeavløysingsperioden frå 40 til 45 år, legg dei lokale representantane for desse partia i Stavanger kommunestyre no all sin politiske tyngde i å få realisert både ein bruforbindelse frå Bjørnøy til Vassøy, og eit Øyfast i tidlegare Finnøy kommune.

Mandag føremiddag hadde dei to lokale representantane for dei to partia, Tor Bernhard Harestad (Fr.P) og Henrik Halleland (Kr.F), invitert stortingsrepresentant Roy Steffensen (Fr.P) og partikollegaer til startegimøte i fiskemottaket til han Tor Bernhard på kaia på Bru. Og frå kaikanten på Bru, med utsikt innover Byfjorden og mot byøyane, var bodskapen klar;
-Ei bru til Vassøy finansierer seg sjølv berre gjennom dei midlane ein tek inn i form av ferjeavløysingsmidlar i 45 år, konstaterte kvitsøybuen Roy Steffensen, som like godt sendte ein fersk e-mail til statsråden direkte i møte. Der bad han om å få opp eksakte tal for kva ei bru til Vassøy kunne utløysa direkte i såkalla ferjeavløysingsmidlar over ein periode på 45 år. Ei Vassøy-ferje som det kostar det offentlege heile 19 millionar kroner å drifta i året, i fylgje finnøybuen Henrik Halleland, som sjølv har engasjert seg sterkt i denne saka i si nye rolle som kommunestyrerepresentant i Stavanger
Vil bli brekkstang og ein mal for eit Øyfast 

Dei to Fr.P- politikarane Mads Danielsen og Leif Arne Moi Nilsen, meiner begge at tida er overmoden for å få realisert ei bru til Vassøy.- Eg meiner også at om me nå får på plass dette, med å finansiera bruprosjektet ved hjelp av ferjeavløysingsmidlar etter den ferske modellen som nyleg vart vedteken i Stortinget, så skal me også bevisa at me kan byggja eit Øyfast etter den same modellen, seier Danielsen.

Han har sjølv i siste møte i Utvalg for by- og samfunnsutvikling den 18. juni,bede administrasjonen i Stavanger kommune om å starte opp arbeidet med å reguleringsplanen for vassøybrua, slik Rogaland Fylkeskommune har bede kommunen om, og som kommunen har bekrefta at dei kunen gjera i sitt tilsvar frå den 18. mars 2018.
– Men diverre ser det ut til at administrasjonen nærmast trenerer dette, og skuldar på at dei korkje har kapasitet eller kompetanse til å gjennomføra det, seier ein utolmodig Fr.p politikar, og viser til svaret han fekk på sitt spørsmål til kvifor det enno ikkje var lagt ut noko slik reguleringsplan.
-No vil eg ta denne saka tilbake til fylkeskommunen like etter ferien og be dei om å starte opp dette arbeidet, seier Danielsen. Han får støtte frå partikollega Moi Nilsen som fortel at ei bru til Vassøy har hatt høg prioritet i lokalpartiet i snart 30 år.
-Og dersom me også klarer å realisera dette prosjektet utan ei einaste krone i bompengar, så er jo det kanongod Fr.P- politikk der me står ved våre løfter om å ikkje bruka bompengar.

Men eit Øyfast vil ALDRI bli realisert utan bruk av bompengar?

-Vår politikk når det gjeld bruken av ferjeavløysingsmidlar for å gjera ikkje landfaste øyar landfast, er at bompengesatsen ikkje skal overstiga bilettprisen på ferjer som er alternativet. Med det som utgangspunkt trur eg også eit Øyfast kan la seg realisera, meiner Danielsen.
-Og eit Vassfast let seg truleg finansiera utan bompengar, så det er berre å setja i gong snarast. Så kanskje brumøte om bru til Vassøy her på BRU kai i dag kan vera det fyrste og mest konkrete steget mot ei realisering av vassøybrua, avsluttar Halleland og dreg på smilebamndet.
-Og når den finasieringa er i boks er det berre å hausta lærdom frå dette og leggja full tyngde bak eit Øyfast, meiner både stortingspolitikar Steffensen og dei fire lokale kommunestyrerepresentanatane frå Nye Stavanger Fr.P og Kr.F, som kanskje blir historisk etter sitt litt uvanlege startegimøte i fiskemottaket til han Tor Bernhard på Bru kai denne fine midtsommardagen.