Slit med å få tak i mjølkekyr til å auka produksjonen

Den kraftige veksten i etterspørselen etter mjølk, og dei to ekstrardinære tiltaka for å auka mjølkekvotane,har ført til at det er stor mangel på livdyr i marknaden til å fylle opp kvotane ute hjå mjølkebøndene.

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Det er avisa Nationen som melder dette. I haust og vinter var det nemleg slik at det var langt fleire  som ville selja mjølkekyr enn å kjøpa. Dette med bakgrunn i at situasjonen då var slik at mjølkekvotane måtte kuttast og fleire la ned drifta.,Konsekvensane av dette var at mange gode mjølkekyr vart slakta fordi det ikkje var kjøparar. I dag,derimot, er denne situasjonen totalt snudd på hovudet, og aktørane melder om eit sug etter mjølkekyr utan sidestykke.,

-Aldri opplevd ein slik situasjon

-Interessa for å kjøpa mjølkekyr byrja å auka i februar mars, og har sidan berre akselrert. Eg har halde på med livdyr her i Nortura i 30 år , og har aldri opplevd eit slikt underskot på mjølkekyr som nå, seier fagsjef for livdyr Odd Finnesand. Han er godt kjent for dei fleste  lokale bøndene her på Ryfylkeøyane som driv med strorfèproduksjon og mjølk. Han reknar med at dei kunne seld opp mot 700 mjølkekyr på dagen om det hadde vore nok dyr tilgjengeleg.

-Det går ikkje ein einaste dag utan at me får førspurnader om kjøp av livdyr. I sum kunne me sikkert selt over 700 mjølkande eller drektige dyr på landsbasis, seier Finnesand.

Men det er ikkje berre mjølkebøndene som slit med å få tak i livdyr. Også dei som driv med produksjon av mellomkalv og okse til slakt møter denne utfordringa.Dette i ein marknad der også etterspørselen etter storfèkjøt har auka kraftig på grunn av den ekstraordinære situasjonen i kjølvatnet av koronapandemien.

Publisert: