Byre har hatt sin riddar

Det krydde av stormenn på øyane i Ryfylke i gamle dagar. Også Byre hadde ein, han var jamvel riddar, skriv historikar Birger Lindanger i dette glimtet «Frå farne tider» i Øyposten.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Byre er på kring 1500 dekar og relativt flat. Attåt låg det kring 15 mindre øyar og holmar til garden. Til Byre høyrde også den to kvadratkilometer store heiamarkå  Jerven i Årdal og skogteigen Langvik i Erfjord. Øya låg midt i eit nettverk av stormannssæte: Randa på Randøy, Halsne på Halsnøy, Gard på  Talgje, Hovda på Fogn, Hesby på Finnøy, Nessa i Nedstrand, Sørbø og Dale på Rennesøy, Askje, Haugvaldstad og Utstein på Mosterøy, Bru og Austbø på Hundvåg.,

Dei fyrste stormannsfolka me høyrer om på Byre, er riddar Peter Ogmundsson og kona, fru Synniva Brynolvsdotter som begge kom til verda kring 1240, han på Sandven og ho på Aga i Hardanger og begge av høg ætt. Dei gifta seg ikkje på Byre, slektsskapsforhold må ha førte dei hit. Det vil seia at Byre alt før dei må ha vore eit stormannssæte sjølv om me ikkje veit namnet på dei som då budde her.

Riddar Ogmund Petersson til Byre

I 1260-åra fekk dei to søner, Ogmund og Peter i Ulvik i Hardanger. Gutane vaks opp på Byre, og det var eldstemann, Ogmund, som tok over Byre og riddartittelen. Banda til stormannsslektene i Hardanger blei styrka ved at han gifta seg med Ragnhild Sigurdsdotter frå Aga. Ho var dotter til riddar, riksråd og lagmann Sigurd Brynjolvsson.  Sidan var det tett kontakt mellom Byre og Aga. Frå kring 1290 rådde Ogmund på Byre og glei inn i det adelege nettverket på Ryfylkeøyane.

Den rike Byre-ætta

Ogmund på Byre var ein viktig aktør i den regionale politikken, men ikkje så mykje nasjonalt. Helst spela han ei rolle i fylgjet til Ogmund Sigurdsson på Hesby. Likevel var han ein betydeleg mann, og blei også slegen til riddar. Han og kona var vel situerte og åtte halve Byre, Åsland i Hjelmeland, eit stint månadsmatsbol i Skartveit og heieområdet Jerven mellom Døvik og Tysdalsvatnet. Her var mellom anna nøgda av skog til eige bruk og også til sal. Alt dei åtte, svara til verdien av 58 ½ fullgode kyr.  Av dei større gardane Byre-ætta åtte, var mellom anna storgarden og kyrkjegarden Askje på Mosterøy.

Politisk var Ogmund til Byre alt frå 1290-åra av ein nær medspelar til merkesmann Ogmund Sigurdsson. I den hatske konflikten mellom domkapitlet og biskop Arne, prøvde både Ogmund på Byre, Ogmund på Hesby og Sigurd på Randa å mekla - utan større suksess. Av borna til Ogmund og Raghild, kjenner me Arnbjørn, Peter og Olav som kom til verda i 1280-åra. Dei blei alle væpnarar og Arnbjørn også riddar. Då Ogmund døydde i oktober 1332 og det blei halde skifte etter han og Ragnhild, var det berre Arnbjørn som framleis levde.

Publisert: