Alle hole eiker i kommunen skal teljast

Har du ei Ole Brumm-eik på eigedommen din, kan du i sommar rekna med å få besøk frå kommunen som vil måla opp og registrera eika.

Eksempel på flott, gammalt eiketre på Judaberg. Men denne er ikkje gammal nok til å ha blitt hol inni.|Denne flotte eika på Ombo skal vera 500 år, og veks mellom Eidsund og Jørstadvåg. Det må fem personar til for å ta rundt henne. Frå venstre Simon Røberg Ullenes,
Oda Røberg Ullenes,
Annette Røberg, alle mfrå Rennesøy og
Liv Kristiansen frå Tananger. (Foto: Tore Kristiansen)
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Stavanger kommune har fått støtte frå staten til ei prosjekt for å tella alle hole eiker i kommunen. Prosjektet begynner neste veke, og det er biologistudent Maren Johannessen som har fått den attraktive sommarjobben.,

-Me veit ganske mykje om bestanden av hole eiker i kommunen, men nå vil me skaffa oss ein fullstendig oversikt. Dette er praktfulle tre med symbolverdi som mange er glade i, og som einkvar grunneigar må vera stolt over å ha på eigedommen sin. Det er også midler til  skjøtsel av slike gamle eiker, opplyser naturforvaltar Vegard Ankarstrand i Stavanger kommune til Øyposten.

Ifgølge Ankarstrand er det ein rik forekomst av eiketre i Finnøy kommunedel, men noko mindre i Rennesøy.

-Dety har samanheng med at Rennesøy er meir prega av kystlynghei, medan Finnøy er meir prega av kulturbeite, opplyser han.

Det er meldeplikt viss grunneigar  vil gjera noko med gamle eiketre.

-Slike tre kan bli utruleg gamle, mange hundre år. Dei er difor viktige tidsvitne, samtidig som dei har eit rikt naturmangfold rundt seg, seier Ankarstrand vidare.

Publisert: