Vil selja 13 fleire hytter på Finnøy

Kommunedirektøren tilrår at politikarane seier ja til å dela frå 13 festetomter på Steinnes med tanke på salg.

Politikarane seier ja til at det kan delast frå 13 hytter i dette området på Finnøy, med tanke på salg. Området var opphavleg planlagt for kolonihagar.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Planen for området blei vedtatt i 2010 med den klare intensjonen at her skulle det byggjast utleigehytter til kolonihagar som skulle gi inntekt til garden, skriv direktøren i tilrådinga si til politikarane.,

I 2012 blei det søkt om ordinære festetomter i området, noko rådmannen i dåverande Finnøy kommune peikte på var i strid med vedtekne planar. Men Finnøy-politikarane sa ja til søknaden, og i ettertid er området forvalta i tråd med dette vedtaket, heiter det vidare.

"Status er derfor at det pr. i dag er opprettet 38 oprdinære festetomter innenfor arealene regulert til "utleiehytter", skriv direktøren.

Nå har grunneigaren søkt om å å få dela frå 13 festetomter til, noko direktøren vil at politikarane seier ja til, sjølv om han meiner det er i strid med planane for området. Både fylkesmannen og fylkerådmannen går mot å gi dispensasjon.

"Situasjonen nå er at grunneier har investert mye i nye hytter, og der festetomter må opprettes for at salg (og økonomien) skal gå i orden, heiter det i tilrådinga.

Sett i ettertid, burde søknaden om oppretting av ordinære festetomter i 2012 ført til krav om at området blei omregulert, med tilhøyrande endring av kommuneplanen, erkjenner Stavanger kommune. Men, det blei ikkje gjort, og resultatet er at i dag seier reguleringskart og bestemmelsar for området ein ting, mens realitetane seier noko anna, påpeikar direktøren.

"For å unngå at grunneier kommer i store økonomiske problemer som en følge av at han har innrettet seg etter forvaltningsstyret sitt vedtak i 2012, anbefaler administrasjonen at det gis dispensasjon for 13 festetomter", heiter det. Det er ein forutsetning at kommuneplanen blir endra, før dei siste ni tomtene eventuelt kan opprettast. Saka skal opp i utvalet for by- og samfunnsutvikling førstkomande torsdag.

Publisert: