Byfjordtunnelen har vore stengt 37 gonger i år

Den mest traffikkerte tunnelen i Rennfast, Byfjordtunnelen, har vore stengt 37 gonger hittil i år, viser tal som Øyposten har fått. Viss stengningar også av Mastrafjordtunnelen blir rekna med, vil det visa at Rennfast har vore stengt endå oftare. Dermed har vegen vore stengt eit par gonger i veka i gjennomsnitt.

Hyppige stengningar har irrirert bilistane.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Årsakene til stengningane fordeler seg slik:,

Byfjordtunnelen

Uten kjent årsak: 2

Bilberging: 26,Gjenstander i vegbanen: 2,Oppryddingsarbeid: 3,Stanset kjøretøy: 3,Forurenset luft: 1

Totalt 37 stengningar.

Mastrafjordtunnelen:

Bilberging: 17

Gjenstander i vegbanen: 3,Gående i kjørebanen: 1,Olje/Bensin/Diesel søl: 1,Oppryddingsarbeid: 3,Stanset kjøretøy: 1,Forurenset luft: 1,Tekniske problem: 1

Totalt 28 stengningar

Det tyder på at Rennfast i snitt har vore stengt opptil fleire gonger i veka, sjølv om det ikkje gir eit rett bilete av situasjonen å leggja summera stengningane av dei to tunnelane.

-Viss for eksempel Byfjordtunnelen er stengt i lengre tid, må ofte også Mastrafjordtunnelen stengjast for å unngå at trafikken frå ferjene skal bli ståande som kø nede i tunnelen, seier tunnelforvaltar Bjørn Arild Fossåen i Statens Vegvesen til Øyposten.

Det er likevel grunn til å rekna med at totaltalet for stengningar i Rennfast er noko høgare enn tala for Byfjordtunnelen viser, stadfestar han.

Publisert: