Hagelagssjefen: Du kan og få ein vakker hage

Rune Nåden Dyrstad, ny leiar i Hagelaget, seier at for å lukkast med hagen er det spesielt ein ting du bør passa på. 

Rune Nåden Dyrstad er ny leiar i Finnøy Hagelag.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel
  • Utan godt jordsmon er det vanskeleg å få til god vekst. Når du har god jord, samt ved å forbetra den du har i hagen, gir du plantene gode forutsetningar for å veksa og ha det bra. Og den beste jorda, den lagar du sjølv.

I denne artikkelen gir hagelagsleiaren deg fleire gode tips til korleis du skal få ein fin og frodig hage.

Rune og kona Dagrunn overtok ei perle av ein eigedom ved Nådesundet for sju år sidan, og har seinare lagt ned mykje tid og krefter på tomta. Å halda ein hage på vel fire mål, krev sin mann. Heldigvis har han god tid til å dyrka hobbyen etter at han gjekk av som helikopterpilot i 2018, og ikkje minst har han god hjelp av Dagrunn, som er ein ihuga hobbygartnar til liks med mannen sin.

Jorda i beda til Rune er som fløyel; laus, mjuk, svart og porøs.

  • Fortel, kva er trikset her?
  • Det er faktisk veldig enkelt. Eg oppmodar alle til å laga jorda sjølve, det er kjekt, miljøvennleg og gratis, og du får fyrsteklasses jord. Det finns ulike komposteringsmetodar, det kjem an på kva ein føretrekk. Eg er heldig som har tilgang på naturleg gjødsel, blant anna frå eigne lamaer, men her i Finnøy bør ikkje det vera eit problem. Før plantene går i jorda, går eg over beda med ein liten jordfresar som løyser opp klumpar og luftar jorda, slik at den blir lett og mjuk. Samtidig er det lett å fjerna ugraset som kjem til overflata når molda vert endevendt. I same prosess plar eg å venda inn gjødsel, såleis slår du to fluer i ein smekk, og jorda er klar til å plantast i.

Hagelaget har investert i ein jordfresar som er berekna til privat bruk og som medlemane kan leiga til ein svært overkomeleg pris, mest berre for å dekka utgifter til service og vedlikehald. I tillegg har dei kvistekuttar og ei eplepresse, som står klare til utleige. Dersom andre, utanom Hagelaget, har lyst å leiga desse reiskapane, er det ingenting i vegen for det. Det er litt dyrare for ikkje-medlemmar, men framleis svært gunstig.

  • Du lagar jord av tang og tare, det er ikkje så vanleg.
  • Nei, det er ikkje så vanleg, og det er nok mest fordi me har lang strandline i enden av plenen, og uavgrensa tilgang. Det er mykje næring i desse sjøvekstane og metoden er svært enkel. Legg tange og tare i botn av eit bed, og fyll på med jord. Det er ikkje nødvendig å avsalta dei fyrst, som du kanskje har høyrd. I løpet ev ein sesong har taren blitt til god plantejord. Mesteparten av jorda er laga av matavfall og greiner, lauv og gras ifrå hagen, som kjem ifrå både varm og kald kompostering. Eg er svært begeistra for denne måten å driva gjenbruk på.

Og i den heimelaga jorda dyrkar Rune heimedyrka sommarblomar. Eit lite drivhus i utkanten av hagen står pirfullt av stiklingar, hundrevis av ulike små planter tett i tett som skal bli til fargerike sommarblomar om nokre veker.

  • No er tida perfekt for å laga nye planter. Det er berre å klippa av toppskotet ifrå morplanten, og fjerna dei største blada, før du set stiklingane rett i fuktig jord. Dei treng ikkje stå i vatn og rota seg fyrst, men det er viktig å halda jorda fuktig med god temperatur den fyrste veka til stiklingen har fått røter.
  • Når alt du har i kassar, potter, drivbenker og i jorda blømer samtidig, korleis klarer du passa på alt?
  • Det går ein del tid med til vatning, ja. I år har eg investert i dryppslangar frå Olav Reilstad, det sparer meg for ekstra arbeid der rett vatning er ekstra viktig. Men eg har og laga mitt eige enkle sjølvatningssystem som funkar heilt greitt, og som gjer at plantene klarer seg opp imot 14 dagar utan påfyll av vatn. Regelmessig vatning er viktig for at plantene skal kunne ta til seg næring, så her bør ein helst ha kontroll.
  • Å laga eit sjølvatningsanlegg høyres vanskeleg ut?
  • Ja, men det er ikkje det. Bruk ein dobbel pallekarm, og dekk den nedste med byggeplast. Legg eit godt lag med lecakuler over, dekk dei med vekstduk og fyll opp med mold. Nedste del fungerer som eit vassmagasin som held på vatnet i minst to veker.

Rune har ulike eksotiske planter rundt om i hagen som blant anna den afrikanske blomen Kala.

  • Eg er litt svak for eksotiske blomar. Eg tykkjer det er spennande med nye sorter, og dei gjer seg godt i kombinasjon med dei meir tradisjonelle sortane.
  • Heilt til slutt, kva er ditt beste tips til ein gryande hageentusiast?
  • Det må vera å forsøka å laga hagen mest mogleg lettstelt ved at ein tidleg om våren skjær ned trær og buskar, samt lukar vekk ugraset før det får for store røter. På den måten sparar ein mykje luking seinare i sesongen, avsluttar Rune Nåden Dyrstad, som seier at Hagelaget ynskjer seg fleire yngre medlemmar.
  • Ja, unge krefter har nye ting å tilføra, og me treng mangfaldet i hagelaget.

 

Til hausten arrangerer Hagelaget ein byte/salsdag som er open for alle interesserte. Her blir det gode moglegheiter til å få seg nye og spennande godbitar, samt å kvitta seg med det ein har for mykje av. Fylg med på Hagelaget si Facebookside for tid og stad.

Publisert: