-Kjempemessig førsteslått i vente

Kjølig vær og nok nedbør i mai kan gi ein kjempemessig førsteslått. Men slåtten ligg an til å bli litt seinare enn vanleg.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

- Bøndene bør ha all grunn til å vera nøgde med utsiktene for førsteslåtten. Slik det ser ut nå kan det bli kjempeavlingar med gras. Det var gansker bra  i fjor, men før det hadde me magre år. Nå treng me sju feite etter dei sju magre, seier Ole Arnfinn Røysland til Øyposten.,

Røysland er rådgjevar på grovfor, beite og sau i Norsk Landbruksrådgivning på Særheim i Klepp.

Sjølv om utsiktene nå ser veldig bra ut, tar han eit lite forbehold når det gjeld kvaliteten på foret.

-Været framover avgjer. Viss me skulle få mykje regn kan me fort tapa det me har vunne. Men slik det ser ut nå ligg det an til kjempeavlingar og fin kvalitet på graset.

-Viser det igjen i melketanken og på kjøtvekta, kanskje?

-I første rekke viser det igjen på kraftforrekninga, som kan bli mindre.  Og det er kjærkome nå, når kraftforprisane har skote i været, seier Røysland, som reknar med at det vil gå til over pinse før førsteslåtten er i gang.

- Me brukar rekna 550 døgngrader før slåtten er i gang for alvor. Nå har me nådd 330-340 døgngrader, så det vil gå eit par veker til. Men viss det skulle slå til med varme framover, kan dette endra seg. Værmeldingane tyder likevel ikkje på det, så dette ser bra ut, konkluderer han.

Publisert: