Leiar: Skal Hjelmeland få betalt for Ombo?

Stavanger bør avvisa kravet frå Hjelmeland om å få betalt for Ombo, meiner Øyposten.

Kanskje var det her ein stad, under Bandåsen, at Huldra budde.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Hjelmeland vil ha betalt for Ombo. Kommunen ved fjorden og i kanten av fjellheimen vil ikkje sitja å sjå på at Stavanger overtek deira del av den store øya, heilt gratis. Det får då vera måte på.,

Det minner oss om den gong Finnøy skal ha prøvd seg med ein liknande taktikk overfor Hjelmeland og Suldal. Då var det kraftinntektene det var snakk om. Vassdraga i Ryfylkeheiane blei slusa ned i kraftturbinar, som genererte straum som igjen skapte store inntekter.

Dette viste – og viser fortsatt – igjen i kommunekassane i alle kommunane i det me kan kalla Indre Ryfylke, dvs. Sauda, Suldal, Hjelmeland og Forsand.

Desse pengane ville også øybuane gjerne slå kloa i. For var det ikkje slik at regnet som fall ned i ryfylkeheiane og skapte desse store verdiane, vitterleg passerte over øyane før det ramla ned. Dermed var det bare rett og rimeleg at det draup litt på Finnøy også. Og tek me ikkje feil kom det liknande ymt også frå Rennesøy.

Dette fall sjølvsagt på steingrunn, for å seia det mildt.  Hjelmeland og Suldal slapp å gje frå seg ei krone til sine fattigare slektningar i havgapet.

Men nå er spelet snudd. Nå er øyane og Stavanger som skal betala.

Kravet er at Hjelmeland skal ha betalt i seks år for at tre oppdrettsanlegg utfor Ombo nå blir liggjande i Stavanger si kystsone. Dessutan vil kommunen ha oppgjer for bidraget til å byggja skulen på Eidsund.

Me kan i farten ikkje hugsa at det har kome liknande krav på bordet frå nokon andre kommunar i forbindelse med kommunereformen. Justering av kommunegrenser er å rekna som justering av grensene for felles verdiar, og skal ikkje gi grunnlag for økonomisk etterspel.  Hjelmeland taper inntekter, javel. Men dette er ein pris kommunen var villig til å betala for fortsatt stå åleine.

Me mistenkjer at her det nokon som ser muligheten for å tappa «rike» Stavanger for pengar. Inntrykket hos enkelte i vår kjære nabo i aust er kanskje at her er det ein kommune kor det flyt av mjølk og honning.

Stavanger er stor og sterk, det er sant, men ikkje så økonomisk sterk som han var. Hjelmeland er ein kommune som er meir enn tilgodesett av felleskapet gjennom store kraftinntekter. Å dømma etter livreima til rådmannen i Hjelmeland, er det i alle fall ingen grunn til å tykkja synd på dei.   Stavanger bør difor ha eit klart svar til kravet som blir fremma, og det er eit klart nei.

Publisert: