Nye koronareglar opnar kyrkjene

I tråd med nye smittevernregler er kyrkjene over heile landet i ferd med å opna igjen etter at dei stengde dørene i midten av mars.

Trusopplærar Heidi Bø Sangedal og kyrkjetenar og reinhaldar Sissel Halsne Bleie ynskjer folk velkommen  til kyrkja med antibac og registreringsskjema.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Ifrå no av vil kyrkjene gjenoppta gudstenester og andre kyrkjelege handlingar.,

- Regjeringa har opna for at maks 50 personar kan delta i kyrkjelege handlingar samtidig, og med minimum éin meters avstand mellom deltakarane. I Hesby kyrkje betyr det at annakvar benkerad skal stå tom. I tillegg må alle sprita hendene sine ved inngangen, og ingen må sjølvsagt komma til kyrkja viss dei kjenner seg sjuke, seier dagleg leiar, Øystein Kirkeli.

I tråd med styresmaktene sine anbefalingar har Kyrkja utarbeida felles smittevernvernreglar for kyrkjene, med tanke på ei gradvis og kontrollert gjenopning.

Kirkeli seier det er mykje lokal planlegging som skal skje før kyrkjene igjen kan arrangera gudstenester.

- Lokale tilpassingar og ansvarsrollar må klargjerast, dei tilsette treng opplæring og gudstenestene må me førebu på ein annan måte. Det er også vårt ansvar å syta for at kyrkjerommet blir forsvarleg vaska når det er påkrevd. Dette er ikkje nødvendig med mindre det er aktivitet som føregår tettare enn med 72 timars mellomrom. Denne nye situasjonen påfører oss alle meir arbeid. Blant anna må kyrkjetenerane, som i tillegg til å passa på at folk spritar hendene, og ikkje sitt for nære kvarandre, registrera alle som kjem til gudsteneste med namn og telefonnummer. Dette fordi det vil bli lettare å spora smittekjeldene ved ei eventuell ny oppblomstring av korona.

Sokneprest Tor Egil Eriksen er glad for at kyrkjelydane igjen kan samlast.

- Ja, det er eg. Folk treng fellesskap med kvarandre. Menneske er ikkje skapt til å vera åleine, me trivst best i fellesskap med andre. Dessutan trur eg det er mange som saknar sjølve kyrkjerommet, det er liksom ein eigen dimensjon over det, seier Eriksen.

Dette blir dei fyrste gudstenestane i Finnøy etter gjenopninga:

Fyrstkommande sundag, 24.mai, på Halsnøy. 1.pinsedag i Hesby kyrkje og på Fogn.

Publisert: