Ekte veteranar på Talgje

Talgje hadde henta fram nokre av sine finaste skattar som kunne rulla på fire hjul denne 17. mai.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Talgjebuen kunne varta opp med mange nye og kreative innslag under årets - annanleis - 17. mai-feiring.,

Nytt av året var traktorkortesje med premiering av den best pynta traktor. Den heideren var det Adrian Kavli som stakk av med, med Kristian Kavli bak rattet på gråtassen, og når er det ønske om at dette innslaget blir ein tradisjon.

Talgje mot 1

utfordra folk i ulike aldrar til å gjere ulike utfordringar. Talgjebuen tippa resultatet i løpet av dagen, og dei fekk sjå korleis det gjekk på kvelden. 7. klassingane hadde filma alt, og laga videoar.,

Nytt var også Talgjebua, som rulla over øya og var innom alle gardstun og byggefelt med sal av is og snop,  og med lykkehjul og godteposar til dei minste. Det var eit populært innslag, og  lykkehjulet snurra heilt til det var tomt for premiar. Det var sporleik ute i naturen, og direktesending på Youtube klokka 18 kor store og små benka seg rundt skjermane. Her blei også vinnarane av sporleiken og traktorkortesjen kunngjort. Dessutan var det helsing frå ordførar Kari Nessa Nordtun.

Stemninga var god og oppslutninga like eins på årets 17. mai-feiring på Talgje, og offisiell arrangør er som vanleg Talgje Idrettslag. 17. mai-komiteen bestod av 7. klassingar med foreldre, og leiar var Silje Aandstad.

Publisert: