Traktordur åpna 17. mai feiringa på Sokn

Traktorentusiastar trossa surt vestavær og samla seg frå Finnøy, Rennesøy og Mosterøy på Sokn i dag tidleg. Litt før klokka 0800 sette dei traktorane i gir og sette kursen mot Klepp.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

-Det er ein kjemkjekk tradisjon dette, seier traktorgeneral Teodor Øvrebø frå Rennesøy til Øyposten.,

10-15 blankpussa og flaggpynta traktorar samla seg ved bomstasjonen på Sokn i dag morgon, og mannskapet stilte i både finstas og bunad. For her stiller det både jenter og gutar, sjølv om gutane nok er i fleirtal.

Ifølge Øvrebø pleier det vera rundt eit 100-tals traktorar i opptoget i Klepp.

-Det er litt synd at det ikkje er barnetog i år, for dei pleier å laina opp langs vegen og vifta med flagg og sjå på når me passerer, seier han.

Nøyaktig korleis opplegget blir på Klepp har han ikkje klart for seg, men det er snakk om at traktorane skal kjøra i kortesje heilt til Nærbø. Snakk om brummande start på 17. mai.

Publisert: