Ikkje stemning for ferjepengar i 50 år

Forslaget om å åpna for ferjeavløysingsmidlar i 50 år fekk ikkje tilslutning i formannskapet i Stavanger torsdag. Det politiske fleirtalet sa nei til å støtta forslaget frå Henrik Halleland (krf).

Fulle ferjer, som denne, og bilar som ikkje kjem med, har vore vanleg i store utfartshelger før. Men i år gjekk heimturen fint.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Forslaget blei sett fram i forbindelse med at Stavanger kommune skal seia si meining om neste Nasjonal Transportplan frå 2022 til 2033.  I dag er det mulighet til å leggja inn ferjesubsidiar i finansieringa av vegprosjekt i 40 år, og viss dette hadde blitt forlenga med 10 år ville det styrkt finansieringa av eit prosjekt som Øyfast med fleire hundre millionar kroner.,

I tillegg foreslo KrF mellom anna at renta det blir operert med for nye vegprosjekt blir meir i tråd med dagens rentenivå, mens vegmyndighetene brukar 6,5 prosent rente som standard.

Men då saka var oppe i formannskapet i går, blei forslaga nedstemt - utan debatt. Det var elles ikkje debatt om nokre av dei andre punkta i fråsegna om NTP'en heller. Partia som tykte dette var eit bra forslag, og støtta det, var sjølvsagt KrF. Men også Venstre, Frp, Venstre, Bompengepartiet i tillegg til Pensjonistpartiet ville ha dette som ein del av Stavanger sitt innspel til neste NTP.

Ap, Senterpartiet, Miljøpartiet og Rødt støtta ikkje forslaget, og det gjorde heller ikkje Høyre.

- Eg hadde håpa at Sp og Rødt blei med, sidan dei har støtta eit tilsvarande forslag i Stortinget. Me får fylgja det opp mot regjeringa og samferdselsminister, skriv Halleland i ein sms til Øyposten

Publisert: