Øyposten kuttar papiravisa – inntil vidare

Stort fall i annonseinntektene på grunn av korona-krisa, gjer at Øyposten ikkje kan gi ut papiravisa i tida framover. Men papirutgåva av avisa vil bli lagt ut på nett som ein del av Øyposten si nettavis her: https://www.oyposten.no/wp-content/uploads/2020/03/OY-26032020-13.pdf

For første gang i avisa si 50 år lange historie kjem ikkje avisa ut som vanleg i tida framover. Svikten i annonseinntektene er så betydelege, at Øyposten er blitt nødt til å ta grep. Frå før har avisa gått til delvis permitteringar.

I tillegg er det generell usikkerhet rundt trykking og levering av papiravisa, som også skuldast korona-situasjonen.

Men Øyposten si papirutgåve kjem likevel ikkje til å forsvinna. Nå vil ho bli å finna som ein del av avisa si nettavis, og kan lesast der. Avisa vil koma ut som vanleg med ny utgåve kvar veke.

– Me beklagar at abonnentane ikkje lenger får avisa i postkassa, slik dei er vane med. Det er er ikkje noko me gjer med lett hjarta. Å få Øyposten på døra er eit fast innslag i kvardagen for mange. Men når annoseintektene sviktar så kraftig, har me ikkje noko anna val. Her er me i båt med mange andre aviser nå, seier aviseigar Stephan Dickinson til Øyposten.

Han understrekar at visa har som mål å koma tilbake i normal gjenge så fort som mulig.

-Når det kan skje er foreløpig uvisst, seier Dickinson, som håpar lesarane vil vera trufaste mot Øyposten i ei vanskeleg tid.

Redaktør Rune Nedrebø i Øyposten understrekar at avisa framleis tar mål av seg å vera ei god nyhetsavis for folk i øyane.

-Det er viktigare enn nokon gong å halda oppe ei lokal nyhetsformidling. Det vil me gjera vårt beste til. Og sjølv om me ikkje lenger trykkjer papiravisa, vil det vera ei gjenkjenneleg utgåve som blir å finna på nett, seier Nedrebø