Gardsbutikk etter eit fylkeskommunalt hjarte

Laurdag for vel ei veke sidan, vart den nye gardsbutikken ,Nærland Gardsutsalg på Reilstad, offisielt opna.Det lyder som søt musikk i spesialrådgjevar Sissel Bakke sine næringspolitiske øyrer.På opningsdagen var ho ein av fleire som tok turen innom den flunkande nye gardsbutikken, for på god «koronaavstand» å slå av ein prat med eigaren, Tor Bjarne Flesjå.

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Den opprinnelege gardsjenta frå Skjold i Tysvær, og tidlegare rennesøybu, som no har busett seg i Faahagen på Judaberg,har nemleg sitt daglege virke som spesialrådgjevar i næringsavdelingen i Rogaland Fylkeskommune.-Gjennom det såkalla landbruksparnarskapet og trekantsamarbeidet mellom Fylkeskommunen, Fylkesmannen i Rogaland og Innovasjon Norge, er nettopp dette med tilrettelegging for gardsutsalg og lokalprodusert mat eit sentralt satsingsområde, seier Bakke,som også har ei fortid på det tidlegare landbrukskontoret på Judaberg.Då i ei stilling som bygdeutviklar på byrjinga av 1990-talet.-Difor er det ekstra kjekt at Tor Bjarne Flesjå og Kirsten (Løland Flesjå) har fått på plass dette nye flotte gardsutsalg her på Nærland, skryt Sissel i det ho slår av ein liten prat med ekteparet, i den splitter nye gardsbutikken like ved riksveg 519  på Reilstad.,

I fylgje ferske undersøkingar når det gjeld  matvarehandel i Norge, eg det konseptet med gardsbutikkar og gardsutsal som har hatt den største veksten innan matvaresektoren dei seinaste åra.

Publisert: