Håpar opinionen ser viktigheita av matvareberedskap

Våronna har byrja og lamminga i sauefjøset til Guttorm Gudmestad, øvst på Østhusvik, er i full gong-døgnet rundt.Då vil det vera krise om koronaviruset også skulle slå til hjå storbonden på Hodne.

Auka etetrspørsel etetr norske landbruksvarer og reduserte kostander, gir eit betydeleg og etetrlengta hopp i bondeinntekta i år, meiner budsjettnemda for landbruket i Norge||
  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Til vanleg er det nærmast Open Gard , på denne tida av året, når vårens vakreste eventyr og lamminga er i gong for dei over 600 sauene som skal lamma dei neste vekene.Men akkurat i år har den blide og omgjengelige bondelagsleiaren avgrensa garsdbesøka radikalt, for å unngå at han og familien skal bli smitta av det frykta viruset.Og i respekt for bonden, valte lokalavisa sin utsendte også å ta våronnsamtalen over telefon.,

-Eg vil nå ikkje akkurat nekta deg å koma , berre me etterlever dei pålegga som myndigheitene har sett i verk, innleiar Guttorm .-Men akkurat i denne krisa så får heller ikkje den rumenske sesongarbeidaren,som til vanleg kjem hit på denne tida, innreisetillatelse.Så då blir me ekstra sårbare, når det i all hovudsak berre er familien som må ta seg av alle dyra og våronna, påpeikar han.

-Men me er vane med at det går i eitt,døgnet rundt, på denne tida.Så eg håpar me står han av.

,-

Gjer meg visse refleksjonar

Og på krisedagar som det landet og heile verda nå opplever, gjer også den mangeårige og engasjerte bondelagsleiaren seg visse tankar og refleksjonar  både rundt matvaresikkerheita ,og kor sårbare me eigentleg er når kriser som dette inntreff;— Me skal vera forsiktig med å koma med dei mest kontroversielle og bastante utspela  i tider som dette. Det kan slå tilbake på oss sjølv.Men me som bønder har jo heile tida vore veldig tydeleg på dette med matvaresikkerheit og beredskapslager.Då for korn både korn Og norsk produksjon generelt  .-Og når me ser at butikkhyllene går tome for kveitemjøl i dagar som dette, fordi folk hamstrar, så fortel det svært mykje om kva situasjonar me kan koma opp i.I tillegg opplever me ein situasjon der kronekursen fyk til himmels.Deg vil også føra til at all import, både proteinkraftforet til dyra og anna matvareimport blir dyr.Og det er vel ikkje sikkert at me vil få tilgang til det heller på verdensmarknaden,om krisa skulle forverra seg over tid.Dette viser berre kor viktig dette med både kornlager og ein bevisst strategi for matvareberedskap er.Det håpar eg kan bli ein vekkar for opinionen og oss alle i kriser som dette, seier Gudmestad.

Mangel på storfekjøt

Slakterisamvirket Nortura har lenge påpeika at det kunne bli mangel på norsk storfekjøt på seinvinteren i år.Dette er no eit faktum, og det er opna for import.-Akkurat det ville nok ha skjedd, uavhengig av denne krisa, meiner den lokale bondelagsleiaren . Han ser også ein tendens til at oppgjerdsprisen til produsent nå går opp.Det er også ein indikasjon på at det er lite storfekjøt i marknaden.

-Eg ser likevel ikkje noko dramatikk som tilseier at det skulle bli matmangel i tida framover.No stenger både restaurantar og storkjøkken ned.Det same gjer reiselivsnæringa.Difor forskyver berre forbruket seg over «i dei Tusen hjem», meiner han.

-Men eg har eit inderleg ønskje når denne krisa ein gong er over ,og ting skal  evaluerast; Det er at både politikarar og  folk flest, verkeleg får augo opp for viktigheita av å ha eit oppegåande og sterkt landbruk over heile landet.Eit landbruk som er enno meir robust enn det me ser i dag, og som er rusta for å takla slike kriser enno betre , avsluttar bondelagsleiaren i Rennesøy Bondelag.

Publisert: