Ikkje forbod så lenge du har ein arbeidsavtale

Dagleg leiar i Rennesøy- og Finnøy landbrukstenester, Arne Madland, opplyser til Øyposten at så lenge ein sesongarbeidar frå eit av dei 26 landa som høyrer til i det såkalla Schengenområdet, har ein arbeidsavtale i Norge, vil vedkomande kunne ta seg arbeid i Norge også under koronakrisa.

Arne Madland er dagleg leiar i Rennesøy og Finnøy Landbrukstenester
  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Madland er likevel snar med å leggja til, at det forutset at vedkomande får lov til å ta seg over dei ulike landegrensene, og gjennom dei aktuelle europeiske landa vedkomande må passere på sin då kronglete og lange veg til Norge, og sit til Finnøy-Rennesøy.-Der ventar i tillegg 14 dagar i obligatorisk karantene, legg Madland til.,Dagleg leiar, Arne Madland, opplyser at han seinast lørdag var i kontakt med Folkehelseinstituttet.-Det vart det påpeika at det likevel er eit overordna ønske om å unngå trafikk på tvers av landegrensene i Europa og Schengenområdet, så kanskje er det rett å innta "eit føre var prinsipp" her. Dessutan vil det i alle høve ikkje vera mogeleg å passera gjennom eksempelvis Polen og Danmark, med dei strenge tiltaka som der er innført. Så det vil vera ei veldig lang og kronglete reise gjennom Europa, og i tillegg er det vel minimalt med fly også så går i desse dagar. Det same gjeld den viktige Kiel-ferga, som også er innstilt, fortel Madland.- Men for sesongarbeidarar frå land utanom Schengenområdet vil det bli veldig vanskeleg, både av praktiske og av andre grunnar, å få løyve til arbeidsopphald her.,

Usikker

-Sjølv om det seinast no på laurdag var ein ei litauisk statsborgar med gyldig arbeidskontrakt som ankom Finnøy, og at svenske grensevakter opnar opp for at slike arbeidstakarar kan passera deira grense, er Madland veldig usikker på om dette er rette måten å avhjelpa situasjonen på i ei tid med utsikter til manglande arbeidskraft i landbruks- og gartnarnæringa framover.

-Men er det ikkje slik at også landbruket, som er ei veldig styrt politisk næring, også må ta eit overordna samfunnsansvar i desse unntakstider for landet vårt?

Ja, også primærnæringane må ta eit ansvar her. Det er også folk som er permittert frå andre yrke som no har meldt seg til teneste. Så, ja, eg er også av den oppfatning at i tomatnæringa så kan både skuleungdom, studentar og vanlege arbeidsfolk ta eit tak. For mange av arbeidsoppgåvene er ikkje verre at det vil dei greit kunne klare. Men det betingar at dei er til å stole på, stiller opp til avtalt tid, og verkeleg er viljug til å gjera ein jobb og stå på, undertrekar han. Og ønske om krav til ferie og fritid og andre sosiale aktivitetar frå norsk ungdom, slik det ofte har vore i normale tilstander, er vel heller ikkje eit argument i dagens situasjon der nærmast heile samfunnet er stengt ned, avsluttar Madland.

Publisert: