Eivind Vestbø står saman med Aslak Bråtveit bak korona-telefonen i Finnøy.
Eivind Vestbø står saman med Aslak Bråtveit bak korona-telefonen i Finnøy.

Vestbø opprettar korona-telefon i Finnøy

Gamlelegen Eivind Vestbø opprettar ein eigen koronatelefon for innbyggjarane i Finnøy kommunedel saman med sin pensjonerte kollega Aslak Bråtveit. Dei to vil vera til hjelp og trøyst for folk som fryktar korona-utbrotet.

Telefonen er eit samarbeid med Finnøy helselag og Øyposten, og dei to pensjonerte doktorane blir å treffa på telefon 973 25 350.

Eivind Vestbø understrekar at folk som føler seg sjuke, framleis må kontakta legekontoret på Finnøy.

-Vår rolle blir å hjelpa folk med å forstå og sortera i den flaumen av informasjon som nå kjem om korona-utbrotet. Me vil så langt me kan gi råd og hjelp og også trøyst for alle dei som nå sit heime og lurer på koss dei skal forhalda seg, seier Vestbø til Øyposten.

Det var Eivind Vestbø som fekk ideen til telefonen, og som fekk med seg Aslak Bråtveit på tiltaket. Tilbodet er i første rekke mynta på innbyggjarane i Finnøy kommunedel.

-Mange av dei kjenner oss og me kjenner dei. Det er eit forhold me vil dra nytte av i denne situasjonen.

-Korleis fekk du ideen til dette?

– Det er fordi eg har jobba som kommunelege i Finnøy i mange år, og har snakka med folk i heile mitt yrkesaktive liv som har vore meir eller mindre bekymra for eit eller anna. Mange kjenner nok avmakt i den situasjonen som er nå, og ein del er sikkert også både redde og usikre. Då kan det vera behov for nærhet og ein god samtale, det er god helse i det også, seier Eivind Vestbø.

Det nye tilbudet er oppe og gå frå i dag, og alle som ringjer telefonnummeret som er opplyst, vil enten treffa Vestbø eller Aslak Bråtveit.

-Me vil byta litt på å svara, seier den tidlegare kommunelegen.