Bråstopp også for fisketurisme

-Det er tomt her, som i ein  spøkelsesby, seier Ole Johannes Landsnes som driv Helgøysund Fiskesenter i Sjernarøyane, og har basert drifta på utanlandske fisketuristar. 

Ole Johannes Landsnes driv utleige av hytter og båtar til fisketuristar på Helgøy i Sjernarøyane.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

-Grensene er stengde, nå er det null i inntekt, seier Landsnes til Øyposten. Han venta åtte-ti grupper med tyskarar i april, men dei uteblir så lenge grensene er stengde.,

Høgsesongen er frå maiu, og til den tid er det endå nokre veker, trøystra han seg med.

-Men me må vera optimistar, dette går over, uansett, før eller seinare. Det er også eit godt signal at nokre av dei som avbestillte nå har bestilt nytt opphald i haust, seier Landsnes.

Landsnes 85 sengeplassar, og tok seinast i fjor i bruk to nye hytter.

-Det gjer situasjonen ekstra krevande økonomisk. Difor er eg veldig glad for den redningspakka som myndighetene har gått ut med, for mellom anna å hjelpa reiselivsbedrifter som vår. Det gjer at me søv litt betre om natta, seier han.

Landsnes er også glad for at korkje han eller kona er påermitterte. Han jobbar på ferjene og ho på sjukehuset, som begge er definerte som samfunnskritiske jobbar.

-Det går bare ikkje an å forbereda seg på ein slik situasjon, meiner Ole Johannes Landsnes.

Hos Fridtjov Furre, som driv Sjernarøy Maritim, er 60-70 prosent av belegget utlendingar. Også for han er fisketurisme viktig.

Furre ventar tyske fisketuristar til helga, men når den danske grensa er stengd og ferjetrafikken frå Norge til og frå utlandet er stoppa, har dei eit problem.

-Eg har bedt dei la bestillinga stå inntil vidare, for det er ikkje nokon andre som står klar til å ta over, seier Furre til Øyposten.

Foir Furre begynner sesongen for alvor rundt påsketider. Han har 200 senger til disposisjon, og 60-70 prosent av gjestene pleier vanlegvis vera utlendingar.

-Påsken nå i år er det nesten fullt her, mange av gjestene er frå Stavanger. Nå får me bare venta og sjå, seier Furre, som også tek i mot reiseselskap i Sjernarøy Maritim.

-27. mai har eg bestilling på 120 gjester, foreløpig står den ved lag, seier han.

-Korleis ser du på situasjonen?

-Viss juli ryk er det ille. Men eg er optimist, og håpar det beste. Kan land som Kina og Korea ordna dette, så må jammen Norge også klara det, meiner Fridtjov Furre.

Publisert: