Lesarbrev: Kva vil du med oss, Myrhol

Når ulike øysamfunn gong etter gong blir snakka ned av ein politikar frå posisjonen i Stavanger, må nokon  seie i frå, skriv ein lesar i eit brev til Øyposten.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Øyane våre er ein del av Stavanger kommune. Me har valgt politikerar som me har tru for og som vil heile kommunen vel.,Er me bare eit utstillingsvindauge? Kva med tidlegare Finnøy kommune sin visjon i kommuneplanen, ”

Dei lyse og levande øyane. Saman for folk i Finnøy” ?

Det står å lese  i Øyposten si nettutgåve 10/2 – 20 uttalelsar frå politiker Frode Myrhol som lett kan  tolkast  negativt for øyane våre.  Han representerer eit av posisjonspartiene i Stavanger, og er i tillegg leiar for det viktige utvalg for by-og samfunnsutvikling.

Skal me la oss provosere eller skal me tenke at han snakker for seg sjøl og ingen andre? Til nå har eg tenkt at det er uvitenhet og litt sleivete uttalelser som media har brukt for det det er verdt, men når gong etter gong ulike øysamfunn blir snakka ned av ein politikar frå posisjonen i Stavanger må nokon  seie i frå.

Me har bare vore vel ein månad i Stavanger og mange som stemte ja til kommunesamanslåing uttaler at dei angrar, me kan seie at 1 månad er for lite til å konkludere og det er nok rett, samtidig saknar me at politikerane kjem på banen og seier kva dei meiner og vil for oss i gamle Finnøy kommune.

Me har i alle år arbeida for bulyst og engasjement på øyane våre. Eit samla kommunestyre i Finnøy gjekk inn for å jobbe videre med Øyfast. Dette står det og om i  intensjonsvatalen som låg til grunn for samarbeidet mellom Rennesøy, Stavanger og Finnøy.   Intensjonsavtalen er slik me har oppfatta det ein  politisk forpliktande avtale. Ansvarlege politikerar bør  vise såpass respekt for folka her og tidlegare bestemmelser at dei forheld seg til det som er framforhandla.

Leser at nemnte politikar seier at me må justere forventningane til våre folkevalgte….og at han har jobba for buss til byen og hyppige båtavgangar mellom øyane……då synes eg at han først bør besøke øyane å høyre kva folk her vil, før han uttaler seg på vegne av oss alle og jobber for oss med ei sak som mange av oss både på dei landfaste og ikkje – landfaste øyane ikkje ser nytteverdien av.  Buss til byen vil ta for lang tid.

Det tek i følge rutetabellen 42 minutter frå Vikevåg til Byterminalen, med utgangspunkt på Judaberg via stoppestader og via Talgje vil bussen minimum bruke 70 minutter til sentrum. Nå tek hurtigbåten frå Nesheim til Fiskepiren (sentrum) 65 minutter. Viss det skal gå buss til byen istaden for båt, vil dei frå Nesheim som er den stoppestaden som ligg lengst frå sentrum i Stavanger altså bruke først 20 minutter i båt eller først 15 – 20 minutter i bil til Helgøy så ferje i 25 minutter, så buss frå Judaberg  i 70 minutter.   Me bur nå så sentralt at me kan ta hurtigbåt til byen innan ein drøy  time frå alle øyane våre, med båt til Judaberg og buss til sentrum  vil denne reisetida for mange bli dobla. Det er ikkje framskritt! Hurtigbåt er for mange av oss viktigare enn buss.

Eg vil oppfordre politikerane i kommunestyret til å bli kjent med dei nye øyane i kommunen, øyane våre har kvaliteter og ønsker å bli tatt endå  meir i bruk.

Heidi Bø Sangedal,  Fogn

Publisert: