Så vakkert kan venterom på ferjekai vera!

At forsøpling og hærverk har vore ein gjengangar på mange av venteromma ved ferjekaiane på øyane i Finnøysambandet og elles, er ei kjent sak. På trafikkterminalen på Judaberg har det mellom anna ved fleire høve vore gjort betydeleg hærverk, og Statens Vegvesen har i periodar truga med å stengja venterommet.

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Også på ferjekaien på Fogn, har Øyposten fleire gonger rapportert om hærverk. Venteromma som alle har ein svært viktig funksjon for dei mange reisande mellom øyane, medan ein ventar på ferga og hurtigbåten.,Nokon plasser langs den trafikkerte vestlandskysten, med sine mange fjorkryssingar med ferge, klarer likevel nokon å halda venteromma både ryddige, reine og fine, og dekorerer dei som om det skulle vera heime i si eiga stove. På riksveg 655 mellom Urke og Sæbø i Ørsta kommune på Sunnmøre , var det bygdefolket som på dugnad i 1988 sette opp venterommet på ferjekaien på Øye i 1988. Heilt sidan den gong har dei også hatt tilsyn med venterommet, som er dekorert med både gardiner og blomar i vindauga. I tillegg ligg det både bøker og blad på eit lite bord der folk kan setja seg ned å lesa og kvila medan dei ventar på "neste ferje". Saman med ei opplagstavle på veggen, der folk blir oppfordra til å ta vare på venterommet og stella fint med det, har det resultert i ei koseleg lita stova som verkeleg innbyr til at ALLE tek eit ansvar for å stella fint med "ventestova". Difor står det også like fint og innbydane i 2019/-20 som det gjorde då det vart bygd for over 30 år sidan. Eit eksempel til etterfølging-kanskje?

Publisert: