Planar om nytt steinbrudd på Rennesøy

Rennesøy stein vil gå i gang med eit nytt steinbrudd på Dalaker på Rennesøy. Det er venta at drifta vil pågå i 10 år. 

I dette området på Dalaker vil det planlagde steinbruddet koma. (Foto: Stavanger kommune)
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Planane skal opp til behandling i kommunedelsutvalet i Rennesøy førstkomande tysdag. Steinbruddet vil kunna medføra auka støy for naboar, skriv kommunedirektøren, og dette må reduserast med etablering av støyvollar.,

Det skal difor lagast støyvollar for å skjerma den næraste bebyggelsen, og det vil bli sett støykrav i tråd med retningslinjene. Det vil heller ikkje bli tillatt drift i helger og om kveldar.

Rennesøy Stein driv i dag steinbrudd på Gangenes på Rennesøy, og kan driva der fram til 2024. Bedrifta har difor behov for nye områder, og har avtale med grunneigaren som eig mesteparten av det nye området på Dalaker. Steinen skal tas ut og seljast som «Rennesøystein», for det meste til lokale bedrifter og privatpersonar.

Det er i første rekke løstein som skal produserast, men det er også aktuelt å produsera pukk og knust stein.

Mesteparten  av det 40 dekar store området har vore avsett til «råstoffutvinning» i mange år.

Det blir rekna med at det er mulig å ta ut maksimalt 300.000 kubikk med stein frå området.

Boring og sprengning skal bare foregå to ganger i året, ifølge søknaden, og området skal vatnast i tørre periodar for å unngå støv.

I 2002 blei det vedteke reguleringsplan for masseuttak for den vestre del av området.  Uttaket av stein blei avslutta utan at heile ressursen blei tatt ut.  Med den nye planen vil resten av ressursane i den vestre delen kunna takast ut, og planen er laga slik at det skal bli ei «god avslutning mot omgivelsene».

Området blir i dag stort sett nytta til beite. Det er eit krav at området skal avsluttast som fulldyrka jord innan 10 år, og at avslutninga skal tilpassast området rundt.

Kommunedirektøren konkluderer med at drifta vil gi «noen negative konsekvenser» i form av lukt og støy i driftsperioden.

«Rennesøy Stein  AS  er en viktig lokal bedrift og deres produkt er et varemerke for Rennesøy.  Planen vil tilretteleggja for at de kan fortsette sin virksomhet i ytterligere 10 år».  Kommunen tilråd derfor at planen blir lagt ut til høyring.

Publisert: