Springfloa viste godt igjen på Judaberg

Foto:Rune NådenFram mot midnatt steig vannet kraftig ved kaiområdet på Judaberg.Det resulterte i at den gamle oppstillingsplassen for ferjene i Midtsambandet , og nåverande parkeringsplassen til Coop Extra,Finnøy stod heilt under vatn.

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Også butikken på andre sida av kaiområdet,Coop Bygg-Mix var truga av den uvanleg høge vannstanden.Litt over kl.23.00 i går kveld var sjøen komen heilt opp til kledningen på sjølve butikken i båthamna, og vannet stod langt opp over både diesel- og bensinpumpene på marinaen utanfor.Det er i morgontimane i dag usikkert kva skade dette har påført butikklokale og varebehaldninga inne i dei to butikkane.,Det var på førehand lagt ut sekkjer framfor inngangspartiet til butikkane.,

Kl.06.00 i dag får Øyposten opplyst,at det så langt ikkje ser ut til at det er kome vatn inn i butikkane, og at det tilsynelatande heller ikkje er påført skader på butikklokala.

Publisert: