Rustar opp ferjekaien på Nesheim,

Det er snart 10 år sidan ferja i Finnøysambandet slutta å ha anløp, og ferjekaien på Helgøy vart teken i bruk. Likevel har den gamle ferjekaien, sporadisk, blitt nytta som reservekai for næringslivet og innbyggjarane i Sjernarøy.

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

I desse dagar pågår det også ei opprustning av den gamle ferjekaien.-Det gjer me fordi me har planar om stengja ferjekaien på Helgøy for nødvendig vedlikehald ein gong utpå vårparten. Då må denne kaien sjølvsagt vera i stand og klar til å ta imot all trafikken til og frå Sjernarøy, opplyser Håkon Odland i Statens Vegvesen til Øyposten.-Noko endeleg dato for når ferjekaien vil bli stengt er ikkje fastsett enno, men det vil me sjølvsagt opplysa om i god tid på førehand, legg Odland til.

Publisert: