Dette er dei 10 beste dialektorda

Fleire gode dialektord frå Ryfylke er havna på 10 på topp-lista i NRK lokalen sin konkurranse om å kåra det beste dialektordet.

Artist Britt-Synnøve Johansen, forfattar Terje Torkildsen frå mållaget og dialektforskar Jan K. Hognestad sit i juryen for kåringa.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Dette er dei beste dialektorda, ifygje kåringa:,

- Biringe

- Bodda

- Løye

- Ommanidom

- Pillefygert

- Drolt

- Knåva

- Badla

- Forrektige

- Vannari

 

Juryen  besto av:

  • Åse Wetås (direktør i Språkrådet)
  • Jan K. Hognestad (dialektforskar)
  • Britt-Synnøve Johansen (artist)
  • Terje Torkildsen (forfattar og representant frå mållaget).

 

Topp ti-lista blei diskutert fram i “Lokalen” si sending  i NRK P1, og er ein del av dialektprosjektet NRK har hatt gåande dei siste vekene. Det har skapt enormt engasjement blant lyttarane, sjåarane og lesarane våre.

Folkets favorittar

-I mars blir Rogaland mållag 100 år, og i det høvet ville NRK hylle dei unike uttrykka me brukar her i fylket. Då me opna for nominasjonar, fekk me om lag 4000 bidrag. Desse utgjorde ca. 700(!!) ulike dialektord, heiter det i pressemeldinga.

Fem ulike “region-juryar” (frå Jæren, Dalane, Haugalandet, Ryfylke og Nord-Jæren) har kåra sine ti favorittar blant desse 700. Hovudjuryen måtte i dag velje blant desse 50 orda. I tillegg kom publikumsfavoritten “løye” med, som blei nominert flest gonger av folk.

Kva blir det beste dialektordet?

-Onsdag 12. februar er den store finalen – og folk i Rogaland er dommarane. Det blir mogleg å stemme både på nett (nrk.no/rogaland) og på SMS i radiosendinga “Lokalen” i P1 frå 14.00 om ettermiddagen.

Litt over 16.00 er rogalendingen sitt favorittord klart!

Håpar de er like gira som oss - og dei som har følgt dette prosjektet! Dialekt er tydeleg noko som blir diskutert i kantiner og rundt middagsbord i Rogaland om dagen.

Redaktør Ragnar Christensen stiller gjerne opp på 994 94 900 eller ragnar.christensen@nrk.no. Samtlege av dagens jurymedlemmer er engasjerte på vegne prosjektet, og har nok ein tanke eller to å dele om kva som definerer dialekta(ne) vår(e).

Publisert: