Alle barn på øyane skal få symjeopplæring

Alle fjerdeklassingar i Finnøy og Rennesøy skal frå skuleåret 2022-2023 læra å symja, som eit ledd i at Stavanger kommune tek eit krafttak for å betra symjeopplæringa.

Kva med ein tur i svømmehallen i haustferien?
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Opplegget for betre symjeopplæring skal setjast i gang neste skuleår, som eit pilotprosjekt på Hundvåg. Men frå skuleåret 2022-2023 skal det rullast ut i heile den nye kommunen. Då vil også elevar frå Finnøy og Rennesøy kommunedel bli omfatta.,

Skulesjefen og idrettsjefen i Stavanger har innleia eit samarbeid med SvømBergen, for å hausta av deira erfaringar. SvømBergen har over fleire år utvikla eit opplegg for symjeopplæring som har vist seg å ha svært gode resultat. Alle dei fem symjeklubbane i Stavanger er også invitert til å vera med i prosjektet.

Frå neste skuleår vil det bli sett i gang eit pilotprosjekt på Hundvåg for å hausta erfaring, og frå skuleåret 2022-2023 er det meininga å utvida opplegget til heile den nye kommunen.

For at elevar skal reknast som symjedyktige, må dei kunna ramla uti på djupt vatn, symja 100 meter på magen og undervegs dykka ned og henta ein gjenstand med hendene, stoppa og kvila i tre minutt, og så symja 100 meter og ta seg opp på land.

Publisert: