Inga bøn, 81-åring må riva naust

81-år gamle Jan Bokn må betala tusen kroner dagen i tvangsmulk frå 20. februar viss han ikkje riv naustet sitt. Det varslar Stavanger kommune etter at Sivilombudsmannen har sett på saka.

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Etter å ha fått tillatelse av Finnøy kommune, så langt tilbake som til 24.august 2010, til å rive eit gamalt naust frå 1940 og oppføre nytt, var 81 år gamle Jan Bokn for seint ute i forhold til tidsfrist med å gjennomføre tiltaket.,

Det kan ha kosta frukt- og sauebonden frå Sør Bokn dyrt. Han blir no truga med både riving og tvangsmulkt alt frå den 20. februar.

Øyposten har tidlegare gitt saka brei omtale og orientering. Ettersom tidsfristen for tiltaket ikkje vart gjennomført med bakgrunn i løyvet frå Finnøy kommune i 2010, fremja Bokn ny søknad til kommunen. Fylkesmannen hadde heller ikkje ved første gongs behandling nokon merknad til søknaden. Denne vart på ny innvilga den 20.03.19 av Finnøy kommune.

I mellomtida blei tiltaket påklaga frå ein hytteeigar som ligg 200 meter borte. Fylkesmannen, derimot, omgjorde så sitt tidlegare vedtak med bakgrunn i denne klagen frå hytteeigaren , og ga avslag på søknaden den 22.08.19. Fylkesmannen sitt avslag vart deretter av grunneigar klaga inn for sivilombudsmannen. Men ved behandlinga den 04.10.2019 støtta sivilombudsmannen Fylkesmannen si avgjerd og pålegg om å rive naustet.

Det dannar no grunnlaget for at Stavanger kommune  gir varsel om at det nyrenoverte naustet på 29,2 m2  blir rive. Om det ikkje skjer, vil den 81 år gamle frukt- og sauebonden på Sør-Bokn, Jan Kristian Bokn, måtte betale ei dagmulk på 1000 kr per dag frå 20.februar.

                                                   Har likevel tru på ei løysing

Det er Eva Bringeland, i det lokale konsulentselskapet "ProPlan", som har først saka for 81-åringen. Ho har tru på at saka likevel kan ordnast til det beste for den aldrande saue- og fruktbonden på Bokn i Fisterøyane i 12. time. - Me har no fått lovander om eit møte med Stavanger kommune i neste månad der me skal få belyst alle sider og heile kompleksiteten i saka. På formelt grunnlag er det rett handsamning det som Fylkesmannen har gjort, ettersom ska er behandla som ein dispensasjonssøknad frå byggetiltak i eit LNF område. Men det er her Finnøy kommune gjerne har teke feil, noko som også Fylkesmannen indirekte har påpeika i saksutgreiing, ved at kommunen ikkje har behandla den etter føringane som ligg i rettleiaren "Landbruk pluss". Då med utgangspunkt i at dette naustet har vore, og framleis skal nyttast til stadbunden næring.Jan Bokn driv som kjent med sauehald på fleire øyar, og difor treng han å nytta naustet til eiga næringsverksemd slik det alltid har blitt gjort. Med utgangspunkt i desse føringane, har eg tru på at "fornuften vil seira" til slutt, avsluttar Bringeland. Ho er difor spent på utfallet av saka, og meiner at det kan skapa presedens for liknande saker i øyane i både Fisterøyane, Finnøy og Sjernarøy som det også har vore mykje støy rundt.

Publisert: