Glade siddisar på sjukeheimen

– Eg kallar dei englar, eg.

Gode vener på sjukeheimen. F.v Rawaz Aziz, Kåre Ivar Ingvaldsen, Solfrid Nordø og Ingeborg Bø Rolfsen.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

- Opphaldet her på sjukeheimen har vore ein einaste opptur, tenk det. Eg kan ikkje skryta nok av pleiarane, legar, fysioterapeut, ja alle eg har møtt i løpet av mine 14 dagar her på huset. Hadde eg ikkje vore så stygg på håret skulle eg vore med på eit bilete, men det går diverre ikkje, ikkje i dag. Og i morgon er det for seint, for då reiser eg heim til Tasta.,

Tanya Kvale er ein av sidissane som har innteke korttidsavdelinga på sjukeheimen. Faktisk er det akkurat no berre pasientar frå Stavanger på denne avdelinga. Ho kom til sjukeheimen 10. januar etter ein hofteoperasjon på SuS.

- Eg vart litt «øvegidde» då eg fekk beskjed om at eg skulle til Finnøy på rehabilitering, men eg tenkte at det blir sikkert kjekt, og gjett om det blei.

- Kva er det som er så kjekt?

- Alt. Folka, den gode atmosfæren, maten og pleia. Det verkar som om alle har god tid, eg trur ikkje dei blir stressa dei som jobbar på denne avdelinga. Viss det byr ein anledning skal eg anbefala Finnøy seier Tanya.

Gaute Tengesdal er einingsleiar på sjukeheimen, og er glad for å høyra vitnesbyrdet frå Tanya Kvale.

- Det er klart det er kjekt med slike tilbakemeldingar, og det er eigentleg mitt inntrykk også, seier Tengesdal.

- Korleis har det gått så langt?

- Bra, vil eg sei. Dette er ein ny situasjon for oss, men me visste at Stavanger hadde få kortidsplassar var såleis førebudde på at det ville komma pasientar ifrå Stavanger. Av dei fire fyrste som kom, takka tre av dei nei. Då vart me litt forundra. Det varte heldigvis berre ei veke, sidan har det vore fullt opp med Stavanger-pasientar. Det einaste eg har høyrt, er at pårørande har reagert på store avstandar og dyr tunnel, seier Tengesdal.

- «Eg har vært her ei uga nå, og ska jem øve heljå.»

Kåre Ivar Ingvaldsen frå Bjergsted er snart utskrivingsklar, og klar til å forlata Finnøy.

- Korleis har veka her vore?

- Dette er rehabilitering i ordets rette forstand. Det kjennes som om ting er rolegare og mindre oppjaga enn i byen, som om alle har god tid. Dagane blir litt lange, men avbrekk med lege og trening med fysioen, riv litt av. Men alt i alt har dette vore ei god veke, det er ingenting å utsetta på pleien, seier Kåre Ivar.

- Finnøy er ikkje ei ny oppleving for deg Kåre, seier Solfrid Nordbø.

- Nei, det stemmer det. Familien har hatt hytta på Kyrkjøy i seks generasjonar, så eg kjenner eigentleg Finnøy ganske godt, så å komma her var ikkje det verste, avsluttar Kåre Ivar Ingvaldsen.

Publisert: