Finnøy Buss: Skeptisk til grunnlaget for pendlarbuss

Like før jul fann innbyggjarar på Talgje og Finnøy ein flyer liggjande i postkassane sine. Adressaten er eit selskap som går under namnet  «Finnøy Trafikk», og ved hjelp av å scanna inn ein eigen QR-kode blir innbyggjarane oppfordra til å koma med synspunkt på kva dei ynskjer seg av busstilbod frå fastlands-Finnøy til Stavanger.

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Det har ikkje lukkast Øyposten å koma fram til kven som står bak selskapet Finnøy Trafikk, og ingen av dei to lokale transportselskapa Finnøy Buss eller Rennesøy Trafikk kjenner heller til at det skal vera etablert eit slikt transportselskap. Men via ei eiga facebook-side med link til finnoytrafikk.no står det å lesa ;,

"Vi tenker å starte opp rutekjøring på Talgje og Finnøy til Stavanger. Nå trenger vi din hjelp til forslag og idèer til kjøreruter og tider. Vi er en gruppe på 3 som synes kollektivtilbudet ikke er tilstrekkelig og brenner skikkeleg for faget. Hvis vi skal kunne drifte dette, så er vi avhengig av at folk faktisk bruker bussen. Er det interesse for å ha buss. Gi oss gjerne tilbakemelding

",

Det er Finnøy Buss A/S som i dag har konsesjon til å drifta bussruter på Finnøy og Talgje. Bjørn Arvid Joakimsen var i mange år dagleg leiar og sjåfør  i selskapet. No har han overlete ansvaret til sonen Tom Andrè, men han er likevel ofte å sjå bak rattet.

- Eg er i utgangspunktet veldig skeptisk til at det er rekningssvarande å driva ei eiga bussrute mellom fastlands-Finnøy og Stavanger utan tilskot, seier Bjørn Arvid . Han har sjølv i mindre omfang prøvd dette ut tidlegare.,- For det første er det krav om at du må ha konsesjon på ei slik rute. Og så lenge ein ikkje kan ta opp passasjerar i Rennesøy på veg til byen, der Kolumbus har konsesjon på å driva bussruter, er eg redd trafikkgrunnlaget også blir alt for lite til at dette blir lønsamt utan offentleg støtte.Me hadde og eit opplegg for 5-6 år sidan, der me frakta skulelevar til og Randaberg VGS. Men det blei for få passasjerar som nytta seg av det, og me måtte avslutte dette etter relativt kort tid. I tillegg prøvde me oss med eit busstilbod på kveldstid, men også det måtte me dra inn etter relativt kort tid fordi folk ikkje nytta seg av det.

- Kva trur du hovudgrunnen til dette er?

-Når det gjeld skuleevar så tek fleire pendlarbåten til Tau og går på Strand VGS. Her er det veldig god korrespondanse og etablert gode rutinar. I tillegg er det mange som reiser bort og bur på internatskule. Når det gjeld sjølve grunnlaget for ei pendlarrute for vanlege arbeidstakarar, så blir  dette styrt politisk ved at ein ikkje ynskjer å svekkja grunnlaget for hurtigbåttrafikken frå dei ikkje landfaste øyane ved at pendlarar frå Finnøy og Talgje brukar buss i staden for hurtigbåt.Det er difor fylkeskommunen så langt ikkje vil subsidiera bussruter til og frå Finnøy gjennom Finnfast, meiner Joakimsen.

Han ser likevel for seg at det kan bli endringar på dette når dagens anbod på busstrafikken i vår region skal opp til vurdering om eitt par år.,-Eg skal alt i neste veke i eit møte med Kolumbus for å diskutera ulike sider ved busstransporten i vårt område, og trur at det kan bli betydelege endringar gjennom den nye anbodsrunden.

-På kva måte då?

-Då trur eg at Kolumbus kjem til å ta over all busstransporten, også her i Finnøy, slik dei no har gjort i Suldal. I det perspektivet trur eg også det kan opne seg ein mulegheit for ei pendlarrute Finnøy-Stavanger t/r. Då gjerne kopla opp mot ruter som i dag alt finns i regi av Kolumbus i Rennesøy . dei vil ha ein langt større økonomisk buffer til å drifta dette innanfor sitt sytem, men det betingar også at det er politisk vilje til det.Ei ekspressrute 3-6 gonger dagleg, eksempelvis, også utan offentleg støtte, trur eg diverre det ikkje er økonomisk grunnlag for i dag, avsluttar Joakimsen.

Publisert: