Få vil selja mjølkekvotane i Finnøy og Rennesøy

Etter det Øyposten kjenner til, er det berre to produsentar i tidlegare Finnøy og Rennesøy kommune som har meldt inn at dei ynskjer å selja mjølkekvotane sine. Også i Rogaland er det i det heile veldig få som vil selja. Det er i sterkt kontrast til dei andre fylka og regionane nord og sør for oss, og i heile landet, der totalt 475 produsentar har meldt si interesse ovanfor Landbruksdirektoratet.

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Som kjent så skal mjølkeproduksjonen her i landet reduserast med 100 millionar liter som ein konsekvens av utfasinga av eksportstøtta. Då primært knyta til produksjonen av den populære Jarlsbergosten. Så langt er det berre dei store og viktige mjølkefylka som Rogaland, Trøndelag og Innlandet (Hedmark og Oppland), som ikkje har meldt inn eit mjølkevolum som er på det nivået som styresmaktene ynskjer å ta ut av produksjon.,For å unngå at utkjøpsrunden fører til ei sterkare sentralisering av produksjonen mellom regionar, er det sett eit tak for kor mykje mjølk som kan kjøpast ut i kvar region.40 millionar liter, eller 40%, skal takast ut ved statleg oppkjøp, der produsentane får betalt kr.15,50 per liter dei sel.,

                                                -Sterkt produsentmiljø

Finnøybonde, Askild Eggebø, er styremedlem i meierisamvirket Tine. Han er eigentleg ikkje overraska over at det er så få mjølkeprodusentar i dei to nye kommunedelane i Stavanger som vil avslutta mjølkeproduksjonen.-Mange har investert og satsa stort med nye fjøs både i Rogaland og i vårt område det siste tiåret, og fleire har også slutta av produksjonen ved at dei leiger ut kvotane sine. Det er difor naturleg at dei som satsar vel å halda fram, og eg trur også at mange heller vel å leiga ut mjølkekvoten sin, så lenge det er mogeleg, i staden for å selja. Men hovudgrunnen ligg nok i at i Rogaland, og særleg i Rennesøy-Finnøy, framleis er eit sterkt og godt propdusent- og fagmiljø. Det er ein positivt og ein styrke, men også her må mjølkevolumet ned om me skal nå målet om ein reduksjon på 100 millionar liter på landsplan. Om det ikkje skjer, må ein ta dette på mjølkeprisen og ved at omsetningsavgifta blir auka, seier Eggebø..

Guttorm Gudmestad er mjølkeprodusent og leiar i Rennesøy Bondelag. Også han trur at den låge interessa for å selja mjølkekvotar og avslutta mjølkeproduksjonen i kommunedelane Rennesøy og Finnøy skuldast eit godt produsentmiljø, og at produsentar har satsa og bygd opp eit solid og godt driftsapparat.

-Ja, her i Rennesøy kjenner eg faktisk ikkje til at nokon har signalisert at dei vil selja kvotane. Det i seg sjølv er positivt, men mjølkevolumet må ned om me skal oppretthalda ein bra økonomi, poengterer han.

Som Øyposten tidlegare har omtala så må alle produsentane redusera produksjonen sin av mjølk med 2 prosent i 2020. Då i forhold til den kvoten dei var tildelt for 2019.

Publisert: